Aktuelt

Dei sterke

Jane Skjoldli      |      15/04/2013

Den olympiske komité vedtok nyleg at bryting ikkje skal vere med i 2020-leikane. Det vekker reaksjonar å bryte med ein tradisjon som har vore knytt til olympiaden sidan det gamle Hellas. Men bryting var ikkje berre til underhaldning. Ulike myter fortel om kampar mellom gudar og menneske, profetar og vantru og ei myte tilskriv den tradisjonelt macho idretten til ei gudinne.

Av Jane Skjoldli

Bryting er en idrett med lange tradisjoner. På dette relieffet er det greske brytere fra antikken som er i sving. Illustrasjon fra Matthias Kabel – Wikimedia Commons.

Trass i at olympisk bryting, såkalla gresk-romersk stil, er svært tradisjonsrik, har Den olympiske komité slutta å utelate bryting frå leikane i 2020. I praksis vil det seie at bryting ikkje lenger er ei olympisk grein. Det tykkja den bulgarske landslagstrenaren Armen Nazaryan var verd ein protest i form av svoltestreik. Nazaryan er sjølv to gonger olympisk meister i bryting og dugleiken deler han med mytologiske skikkelsar frå heile verda.

Kva er eigentleg bryting?

Bryting er eit samleomgrep på ein idrett som til alle tider har hatt variasjonar og ulike underkategoriar. Ulike former for bryting høyrde til høgkulturen i Japan, Iran, Mesopotamia, Egypt og Nubia så vel som antikkens greske og romerske riker. I dag kan omgrepet omfatte alt frå japansk sumobryting og den klassiske gresk-romerske stilen, til den nye og populære greina Mixed Martial Arts.

Bryting er dessutan ikkje berre ein kampsport, men har sterke band til mytologi. Her finn vi toregudar, Vishnu-avatarar, profetar, gamle fostermødrer og gudinner blant utøvarane. Gudane kjempa mot kvarandre, men og mot menneske, og det var ikkje alltid slik at gudane vann. Fleire av brytekampane utgjer vendepunkt i religiøse narrativ. Her skal vi sjå nokre døme.

Tor bryter med Elle. Robert_Engels

“Elle (alderdommen) bryter med Tor. Herzog, Rudolf (1919). Germaniens Götter. Wikimedia Commons.

Mandige menn: Krishna, sumokami og Tor 

Fleire mytologiske aktørar skal gladeleg ha teke ein tur ut i ringen. I Mahabharata oppfyller Krishna ein profeti då han og bror hans Balarama, etter brytekamp med fleire brytemeistrar, tek livet av Kamsa som trugar med å drepe foreldra deira. I japansk mytologi skal ein sumokamp mellom to kami på Japans eiga kyststrand ha sikra japansk sjølvstende. Tradisjonen tru vert det i dag dansa rituelle dansar der det seiest at menneske bryt mot kami.

I norrøn mytologi finn vi kampen mellom sterke, mektige Tor og svake, spede Elle, den gamle fostermora til Utgards-Loke. Ho bruka «triks» heiter det, og ho vann fordi ho er alderdomen sjølv — tilmed Tor må gje tapt for henne. Det er ikkje tvil om at brytekampar i mytologien oftast har mannlege aktørar, men det er alltid unntak.

Bryting i dødsriket

Det ser ut til at bryting var den mest populære idretten i den klassiske verda og det er vanleg å assosiere bryting med gresk-romerske tradisjonar.

Historikarar har lenge visst at grekarane ikkje har æra av å vere først, sjølv om somme grekarar meinte nettopp det. Tvert imot kan grekarane ha fått interesse for bryting som ein konsekvens av kontakt med egyptarane, ein sivilisasjon dei såg opp til og fann eksotisk.

Egyptisk bryting på et relieff fra Medinet Habu – Wikimedia Commons.

Bryting var svært populært i det gamle Egypt og Nubia, det er det mangfaldige veggmaleri og relieff som vitnar om. Ein plass vi ser dette, er i Beni Hasan, nærare bestemt i grava til Baqet III—ein guvernør i Mellomriket (2055-1650 fvt.), halvanna tusen år før Aleksander den store sine erobringsferder. I grava er det laga ei rekke framstillingar av scener frå ulike idrettar, der bryting er bland dei som er framheva.

I Mellomriket var det vanleg at aktivitetar frå kvardagen til den døde vart framstilte i gravene til politiske eliten. Dette tyder på at bryting var noko folk assosierte med Baqet III og som han sannsynlegvis var oppteken av då han levde.

Så dyktig er ho i kunsten, heiter det, at ingen evner så mykje som å komme borti brysta hennar under ein kamp.

Kanskje deltok han sjølv; kanskje fekk han organisert brytekampar som underhaldning; kanskje ønskte Baqet III sjølv å få drive med bryting i etterlivet. Sjølv om bryting var svært populært, ser det ikkje ut til at egyptarane assosierte bryting med ein særskild guddom.

Anders Bettum, egyptolog ved Universitetet i Oslo, fortel at ein kan finne fine brytescener andre stader i Egypt:

— Det er noen fine brytescener i Medinet Habu også. Jeg har heller ikke hørt om noen religiøs betydning bak disse scenene, eller noen brytegud. Jeg vil gjette på at de fungerer på samme måte som scener med dans og akrobatikk, som også ble brukt under religiøse fester og høytider, kanskje hovedsakelig som underholdning.

En av mytologiens mest kjente brytekamper mellom Herkules og Antaeus. Fordi Antaeus var sønn av Gaia kunne han ikke beseires så lenge han hadde bakkekontakt, men ved å løfte ham opp kunne Herkules klemme ham ihjel. Av Hans Baldung ca. 1530. Wikimedia Commons.

Den greske gudinna over bryting 

I tillegg til den gamle statusen som olympisk grein har bryting fått ein sentral plass i gresk mytologi. Mange kjenner nok sogene om Zevs som vann over Kronos, men mest sentral er nok Herakles, ikkje minst då han overvann den nemeiske løva, Hermes var skytsgud for gymnasiet generelt og Tesevs kjempa mot både menn og dyr. Hermes og Herakles hadde og ein annan funksjon i forbinding med bryting: Stipendiat i religionsvitskap og ekspert på gamal gresk og egyptisk religion, Christian H. Bull, fortel:

— Både Hermes og Herakles var beskyttere av Palaistra, og Herakles kan ein vel betre forstå kvifor [han] vert assosiert med sporten.

Palaistra på si side var sjølve personifiseringa av bryting, som ifølgje Philostratus den eldre oppdaga sjølve sporten då ho endå var ei ung kvinne. Namnet hennar tyder «bryting» og dei ulike formene for bryting vert gjerne framstilte som borna hennar.

Palaistra let seg slett ikkje plukka på nasa og vernar om si uavhengige stilling som gudinne. Beilarar vil ho ikkje ha, og ho motstår alle som freistar å bryte mot henne. Så dyktig er ho i kunsten, heiter det, at ingen evner så mykje som å komme borti brysta hennar under ein kamp. Som alle greske gudar med respekt for seg sjølv, hadde Palaistra eit favoritt-tre: Ho sette oliventreet over alle tre fordi olje er nyttig under brytekampane og fordi olja bringer glede; ville olivengreiner vart brukte til å krone olympiske meistrar.

fig. 2 jakob og engel (gud)

Jakob vs. Gud. Gustave Doré, 1855. “Jakob bryter med en engel”. Wikimedia Commons.

Jakob vinn over Gud

I 1. Mosebok finn vi historia om då Jakob braut med Gud sjølv—og vann. Jakob, son av Isak og soneson av Abraham, er i konflikt med Esau, bror sin, og fryktar ein konfrontasjon. For å sikre konene sine, borna og eigedomen sin mot den overhengande fara, har han ført alt over på den andre sida av elva, der det er trygt. Jakob er att åleine. Då kjem «ein mann» og «kjempa med han heilt til dagen grydde» (1. Mos 32: 25-29). Sjølv om teksten fortel at det var «ein mann» som kom og braut med Jakob, er det vanleg å tolke båe dette og fleire andre bibelstader slik at det er Gud sjølv eller ein av englane hans som opptrer. Teksten fortel mellom anna at Jakob kalla staden Peniel, som tyder «Guds andlet»: «For eg har sett Gud andlet til andlet og endå berga livet,» seier han.

Muhammad: Bryting som rekruttering

På nettsida «Hadith of the Day» svarar ein som kallar seg «Shaykh Yusuf Badat» på religiøse spørsmål frå muslimar. I januar spurde ein om Muhammad dreiv med idrett for å halde seg i form. Svaret lyder at profeten skal ha vore ein ivrig idrettsmann, glad i leik, trening, samt annan fysisk aktivitet.

Den sterke mann er ikkje han som vinn over motstandaren sin i bryting den sterke mannen er han som kontrollerer seg sjølv når han er sint.

I hadith-samlinga til Ibn Ishaq vert det fortalt korleis Muhammad vart utfordra til brytekamp av ein mann som heitte Rukunah. Rukunah inngjekk veddemål med profeten, men lova å verte muslim dersom Muhammad vann. Muhammad vann brytekampen og Rukunah gjorde som han hadde lova.

Det er usikkert om det har nokon samanheng med forteljinga over, men det fins eit anna hadith om bryting der Muhammad seier: «Den sterke mann er ikkje han som vinn over motstandaren sin i bryting [nokre oversitjinger seier «slåsskjempen»]; den sterke mannen er han som kontrollerer seg sjølv når han er sint.»

Uansett kor sinte den bulgarske landslagstrenaren og andre brytingentusiastar er, ser ein ting ut til å vere sikkert: Dei har både gudinner og profetar på si side.

 Litteratur:

Nettsider

Takk til: Hans Olav Arnesen, Anders Bettum, Christian H. Bull, Vidar Edland, Ingvild S. Gilhus, Reinert Skumsnes, Pål Steiner.

 

 , , , , , , , , , , ,