Aktuelt

Dommedag eller misforståing?

Erling Lorentzen      |      20/12/2012

Skal vi alle døy på fredag, eller blir alt mykje betre denne dagen? Og kva har mayaane med saken å gjere?

 

Av Erling Lorentzen

I forrige veke kunne vi lese at folk frå alle kantar av verda flokkar til det pyramideforma fjellet Rtanj i Serbia, i håp om å bli redda av utanomjordiske vesen før ein eventuell apokalypse inntreff fredag den 21. desember. På same tid som noen flyktar for livet og førebur seg på dommedag, har ulike new age-miljø varsla at vi no vil gå inn i ei ny tid med fundamentale, positive endringar for livet på jorda. Korfor er 21. desember ein så spesiell dag? Kva har desse endemiske tankane med mayasivilisasjonen å gjere?

For å få klarheit i dette har Religioner.no tatt ein prat med ein religionshistorikar, ein astrolog og ein prest frå den norske kyrkja.


PakalImage5

 Gravmaska til kong Pakal av Palenque. Foto: A.Skromnitsky

Mange misoppfatningar om mayaane

– Altså, tanken om dommedag er ikkje ein del av mayakulturen.

Lars Kirkhusmo Pharo er religionshistorikar, er tilknyta universiteta Harvard og Claremont Graduate University som research associate, og er ein av dei få her til lands som har spesialisert seg på religion på det amerikanske kontinentet.

– Urbefolkninga i Mellom-Amerika har ikkje desse dualistiske tankane om godt og vondt, himmel eller helvete, som vi kjenner frå for eksempel kristendomen eller islam. Dommedag er eit framand konsept for dei.

Kva er det da som gjer at mange meiner at mayafolket er opphavet til ein kalender som har spådd ei kommande apokalypse? Lars Pharo seier det finst mange misoppfatningar om mayaane og deira kultur. Ikkje minst er sjølve nemninga «mayakalenderen» misvisande.

– Det er viktig å nemne at eit trekk ved det området mayaane levde, og framleis lever på, er at ein hadde mange kalendrar. Fleire av dei er sykliske, korte kalendrar som rommar berre noen få hundre dagar kvar. Når det gjeld  langteljingkalenderen, som han eigentleg heter, er dette ein lineær kalender. Det vil seie at han i likskap med vår gregorianske kalender ikkje har ein start eller slutt. Sannsynlegvis vart denne kalenderen oppfunnen av ein annan kultur enn mayaane, nemleg olmekarane. Den eldste kjende kjelda til langteljingkalenderen
er frå deira skriftsystem frå år 32 evt.

Korfor seier vi da  «mayakalenderen?»

– Det er gjennom mayaane vi kjenner han best. Alt vi veit om kalenderen er gjennom deira skriftspråk. Dette dreier seg om tusenvis av inskripsjonar som nemnar datoar frå denne   kalenderen som i all hovudsak var brukt i frå ca. 200 til ca. 900 evt. Da den klassiske mayasivilisasjonen, med sine storslåtte byar og pyramidar, forsvann, tydde dette også ein slutt på bruken av langteljingkalenderen.

Pharo

Lars Pharo

Ein svært avansert kalender

Det er eit faktum at mayakulturen inntil ganske nyleg har vore, og enno delvis er ei gåte for antropologar og andre forskarar. Det finst mange teoriar, men det er ingen som veit heilt sikkert korfor den klassiske sivilisasjonen kollapsa rundt år 900. Ein har heller ikkje vore i stand til å dechiffrere språket i desse inskripsjonane før på midten av 1980-talet. Skal vi tru Pharo, har denne mystikken og uvissheita rundt mayaane kanskje vore med på å nøre opp under mytane om dommedagsprofetien. Men kva del av kalenderen er det som er opphav til desse mytane?

– Kalenderen vart nytta til å registrere historiske hendingar i herskarane og dynastiet sine liv. Dette er ein kalender som først av alt tar for seg dagar – ikkje år, slik som vi gjer. Han rommar milliardar av dagar. Desse blir mellom anna delt opp i bak’tunar, som er einingar på 144,000 dagar. I følgje mayaane er vi no i slutten av den tolvte bak’tun, og på dagen som etter vår kalender er 21. desember, går vi over i den trettande. Denne datoen blir registrert som dag 13.0.0.0.0 i  langteljingkalenderen.

Pharo seier at talet null, som vart funne opp i Mellom-Amerika uavhengig av vårt talsystem, tradisjonelt har vore eit sterkt symbolsk ladd og mystisk siffer hos urbefolkninga på kontinentet.

–  Når kalenderen viser noe på null, feirar ein med ritual. Overgangen til trettande bak’tun er ekstremt viktig – også for mayaane i dag, sjølv om denne kalenderen ikkje lengre er i bruk. Dette er ei enormt stor tidseining, men betyr på ingen måte slutten på kalenderen. Ein held fram med å telje dagar.

Slurvete antropologi

Fleire har hevda at myta om dommedag stammar frå boka «The Maya», skriven av arkeologen og antropologen Michael Coe i 1969. Her foreslår Coe at utgangen av den noverande bak’tun, i synet til mayaane, kunne ha tydd at  «…Armageddon vil innhente alle degenererte folk av denne verda, samt heile skaparverket. Slik [ville] vårt samtidige univers bli utsletta». Men dette er ei tese som verken resonnerer med kva mayaar eller andre forskarar tenker. Forfattaren har sjølv dementert denne påstanden i seinare tid. Kva er det som gjer at ein antropolog sine formuleringar frå 60-talet blir eskatologiske sanningar for folk i dag?

– Coe hadde noen uheldige og upresise formuleringar som ser ut til å ha fått stor gehør i new age-miljøet, seier Pharo. Dette har igjen vorte blanda saman med trua til aztekarane, som faktisk har ein dommedagsprofeti, heilt uavhengig av denne kalenderen.

– Det er ein ide om at mayaane er veldig eksotiske, sidan vi har visst så lite om dei inntil nyleg. Denne kalenderen er i seg sjølv ein fantastisk konstruksjon, tidsfilosofisk og matematisk. Ein finn eit mylder av dommedagsprofetiar i verda i dag. Men dei stadfestar ikkje ein dato. Det at langteljingkalenderen tilsynelatande lover ein dato, gjer han kanskje attraktiv for folk som er opptatt av slikt. Men det heile er som sagt ei misforståing.

Bjøringsøy (1)

Liv Bjøringsøy

Tid for endring

I tillegg til å markere overgangen inn i den trettande bak’tun, er også 21. desember vintersolkverv. Der noen fryktar dommedag, finst det også dei som meiner at desse fenomena tvert om heller er teikn på at livet på jorda går inn i ein ny periode.

– No er jorda, sola og heile solsystemet vårt innretta mot galaktisk senter, hevdar astrologen Liv Bjøringsøy.

– Astrologisk kan vi sjå at det er ei tid for endring, seier Bjøringøy som jamleg skriv for nettsida Nyhetsspeilet, og elles er kunstnar. – Eg forstår det slik at solsystemet vårt og vi, kanskje også galaksen vår, er på veg inn i eit vidstrekt område av verdsrommet med mye lettare energi.

Vi går inn i ei ny og betre verd

Tankane om at 21 desember innleier eit globalt skifte i den menneskelege bevisstheita, står som eit motstykke til dei apokalyptiske teoriane rundt datoen. Dette er idear som har vorte mye popularisert av den myteomspunne amerikanske forfattaren Daniel Pinchbeck og boka hans «2012: The Return of Quetzalcoatl.». Mens Pinchbeck representerer pop-versjonen av det som gjerne blir kalla new age-litteratur, støtter Liv Bjøringsøy seg heller på kunnskapen som forfattaren Dougles Cortell skal ha tileigna seg gjennom meditasjon.

– Vi går inn i ei ny og betre verd. Menneska vil ikkje lenger oppleve seg som isolerte enkeltindivid, men som del av heilskapen. Det betyr andeleg opplysing, fellesskap og samarbeid i staden for krig, svolt, fattigdom og overforbruk, forureining og utnytting av menneske, dyr og ressursar. Det meste av sjukdom vil la seg lækje.

Du skildrar dette som ein rimelig passiv prosess. Må ikkje vi sjølve gjere noe for å skape endringar?

-Menneskeheita vil nok langt ifrå vere passive i den nye tida, seier Bjøringsøy og understrekar at det beste vi kan gjere no, er å førebu oss mentalt på ei fundamentalt endra verd.

– Det er sannsynleg at mange på min eigen alder og eldre vil ha store problem med å tilpasse seg. Noen av dei kan reagere med apati om dei får det religiøse eller vitskapelege fundamentet rive bort under seg og dei må innsjå at dei har trudd feil. Den beste førebuinga, trur eg, er å tilgi oss sjølve og alle andre for alle mistak og all urett,  ha eit ope sinn for nye idear og kunnskap, og ønskje den nye tida velkomen med forventing og glede.

Kielland

Jan Christian Kielland

Etterlyser klarheit
Ein som ser mindre lyst på 21 desember er Jan Christian Kielland, gateprest for ungdom i Oslo. Sjølv trur han ikkje datoen vil markere noen form for endring, men han er bekymra for korleis media handterar 2012-fenomenet. Da TV2s værside, storm.no, i november publiserte ein artikkel med namn «Under en måned til verden går under», klaga Kielland nettsida inn til til Pressens faglige utvalg (PFU), for å vere med på å skape unødvendig frykt hos unge.

– Eg er veldig opptatt av at media må ta opp [2012-fenomenet] på ein tydeleg måte, seier Kielland. – Artikkelen som storm.no la ut, låg i grenseland mellom humor og fakta. Han hadde ein subtil humor som vaksne kanskje forstår, men som ungdom ikkje nødvendigvis plukkar opp.

Det er klart  at kristendommen har også bidratt til skremme mange oppgjennom historia

Redd ungdom
Som gateprest for unge i Oslo, er Kielland stadig i kontakt med unge som er nervøse på grunn av dei mye omtalte dommedagsprofetiane.

– Mange spør meg om verda skal gå under den 21 desember. Noen er usikre, medan andre er oppriktig redde. Det er klart at media her har eit ansvar om å formidle fakta på ein tydeleg måte, og det er problematisk at ein seriøs nettstad for vær- og himmelfenomen som storm.no legg ut stoff som ikkje er meir sakleg.

– Med tanke på den kristne dommedagen, er ikkje han også ganske skremmande?

– Vi er omgitt av mange ulike forteljingar og profietiar som spår verdas undergang. Det kan verke som som desse historiene blir blanda saman med kristendomen si tru på dommedag, seier Kielland. – Men i kristendomen har ein ikkje dette bildet av ei total øydelegging av verda. Det finst eit håp om at Jesus skal komme tilbake, og at det vil skje ei gjenoppretting – ikkje ein destruksjon.

Dette betyr ikkje at Kielland ikkje meiner at kyrkja sjølv har spelt ein rolle i å vere ei kjelde til usikkerheit.

– Det er klart  at kristendommen har også bidratt til skremme mange oppgjennom historia, og der må kyrkja ta sjølvkritikk. Men heilt grunnleggjande representerer dommedag i den kristne trua eit håp. Ein trur på ein gud som elskar skaparverket og alle menneska. Dette utfordrar eit kvart forsøk på å begrense Guds nåde. Kyrkja håpar og ber om at Gud ikkje må la noen menneske gå fortapt.

Kolonialisering og underhaldning
Heilt sidan portugisarane og spanjolane byrja å kolonialisere Mellom- og Sør-Amerika på 1400-talet, har kristne misjonærar rive seg i håret over korleis den lokale befolkninga har hatt ein tendens til å supplere den kristne trua med element frå eigne religionar og tradisjonar. Med tanke på 21. desember,  kan det verke som vi europearar sjølv er skyldige i å tolke element frå andre kulturar innafor våre eigne rammeverk. Skal vi tru Lars Pharo og Jan Christian Kielland, ender vi dermed opp med ei blanding som representerer dei opphavlege ideane frå begge kontinenta like dårleg.

Problemet er at når 21 desember 2012 har passert, er det igjen ingen som vil bry seg om mayaane

Men når det kjem til stykke, er eigentleg dette så farleg? Kultur er ikkje ei fast eining, men noe som stadig er i endring. Dessutan ville vi ha levd i ei fattig verd om folk ikkje var opne frå impulsar utanfrå. Ein ting er reell frykt for verdas undergang, ein annan ting er vel underhalding med ein viss ironisk distanse? Lars Pharo drar på smilebandet når eg nemner at det fleire stader i landet blir arrangert «slutten på verda»-festar fredag den 21, men dommen hans er hard:

– Problemet er at når 21 desember 2012 har passert, er det igjen ingen som vil bry seg om mayaane. Da vil vi ikkje lengre gidde å ofre ein tanke på urbefolkninga, deira kultur og utfordringane dei står overfor, slår religionshistorikaren fast.

– Medan vi syslar med dommedagsprofetiar er mayaar og andre urfolk meir opptatt av reelle ting. At verda er trua av klimaforandringar for eksempel. Dei legg vekt på at mennesket må forbetre seg, og ikkje passivt vente på at ting skal gå i oppfylling.

Religioner.no lenkar: 

Lenker: 

 , , , , ,