Aktuelt

Kampen om knoklane

Erling Lorentzen      |      02/08/2013

Kven har krav på våre knoklar når vi døyr, og kan menneskelege levningar ha ein religion?

Av Erling Lorentzen

Foto: Antti T. Nissinen

Foto: Antti T. Nissinen

I norske musum og samlingar finn vi i dag menneskelege levningar av omlag 12-15 000 individ frå både forhistorisk og historisk tid. For arkeologar representerer desse ein nøkkel til fortida ved at dei kan gi oss uunnverleg kunnskap om levemåten til våre forfedrar.  Men det er ikkje berre vitskapen som gjer krav på desse. I gryande grad blir det reist spørsmål om kven som har rett til å forvalte dei. Slekt? Institusjonar? Folkegrupper? Der utgravingane har vore etisk problematiske, er kravet om tilbakelevering av levningane gjerne sterke. Dette for å gravlegge dei på nytt.

Slik vart 96 austsamiske levningar gjengravlagt i Neiden i Sør-Varanger i 2011. No krev St. Georgs kirkeforening å få utlevert dei rundt 30 resterande skjeletta frå Anatomisk institutt i Oslo. Leiaren av kyrkjesamfunnet seier til Religioner.no at dette meir enn noko anna er eit spørsmål om religion. I kva grad tar forskarar omsyn til religiøst tilhøyr i si behandling av levningar?

Dei døde sladrar

Før vi tar for oss religion, skal vi sjå nærare på akkurat kva kunnskap vi kan hente frå dei døde. Vi har spurt Hallvard Fossheim som er sekretariatsleiar for Nasjonalt utvalg for vurdering av forskning på menneskelige levninger, populært kalla Skjelettutvalget.

– Levningar kan fortelje mange ting, alt etter kva forskaren spør om. Ved hjelp av forskjellige metodar kan ein finne ut om levesett og levekår for dei menneska det gjaldt, forklarer Fossheim.

Fossheim

Hallvard Fossheim. Foto: Forskningsetiske komiteer.

– Nokre analysemetoder kan gi informasjon om geografisk opphav, andre om matvanar, atter andre om sjukdommar, slitasje og påkjenningar gjennom livet. DNA-analysar kan seie noko om slektskap, kontakt og folkevandringer. Og levningene blir gjerne sett i samanheng med andre kjelder til kunnskap, for eksempel i form av anna arkeologisk materiale. Til saman utgjer altså menneskelege levningar ei viktig kjelde til innsikt i mennesket si eiga historie.

Fossheim fortset ved å seie at sidan det stadig blir utvikla nye vitskaplege metodar og teknologi, er det vanskeleg å vite kva informasjon vi vil kunne hente i framtida. Levningar vi veit lite om i dag, kan med andre ord bli viktige på eit seinare tidspunkt.
Men innsamling av data er ikkje alltid uproblematisk, seier Fossheim. Det er eit tungt etisk ansvar som kviler på ein forskar sine skuldrer i behandlinga av menneskelege levningar. Respekt og etikk har likevel ikkje alltid stått øvst på agendaen for norske arkeologar. I allefall ikkje i møte med dei samiske befolkningane.

Det heile hadde vore meir akseptabelt religiøst sett om det i utgangspunktet verkeleg dreidde seg om vitskapelege formål.

Uetiske metodar

Oiva Jarva, iført ein karelsk drakt, gjer seg klar til seremonien for gjengravlegginga av 96 skolteskjelett i 2011

Oiva Jarva, iført ein karelsk drakt, gjer seg
klar til seremonien for gjengravlegginga av 96 skolteskjelett i 2011

– Dei kjøpte graver for fem kroner stykket. Desse fattige skoltesamane hadde ikkje råd til å seie nei. Det finst også eksempel på at arkeologane bytta til seg graver mot skråtobakk. Dei brukte heilt uakseptable metodar.

Oiva Jarva er leiar for den ortodokse menigheita i Neiden, og er skoltesame. Han fortel korleis Johan Brun i 1915, på oppdrag for den prominente anatomen Kristian Schreiner, drog til Neiden for å grave opp eldre skolteskjelett. Desse skulle brukast til vitskapelege formål ved Anatomisk institutt i hovudstaden. Som Jon Kyllingstad skriv i boka «Kortskaller og langskaller», hadde norske fysiske antropologar på dette tidspunktet enno ikkje tatt eit oppgjer med idear om rasehierarki i sitt fagfelt. Mistankar om at raseforsking låg bak utgravingane i Neiden, var ein grunn til at Jarva og hans menigheit i 2007 ba om å få tilbakeført levningane.

– Da desse vart gravne opp i 1915, var dette med raseforsking som formål. Hadde det vore eit reint vitskapeleg motiv, hadde vi sett annleis på saka, slår Jarva fast.

– Storparten av levningane er gravne ned, mens hovudskallane står igjen på anatomisk institutt. Frå eit religiøst perspektiv er det nødvendig for oss at heile lekamen er i jorda, opplyser Jarva.  Etterat skjeletta hadde vore på Anatomisk institutt i nesten hundre år, kunne St. Georgs kirkeforening i 2011 legge 96 skjeletta tilbake i jorda som dei ein gong vart spadd opp ifrå. No har menigheita, med Jarva i spissen, søkt om å få tilbake tretti resterande levningar som dei enno saknar. Desse stammar på si side frå ei utgraving gjort i 1958 i forbinding med bygginga av eit kraftverk i Pasvik.

Er dette eit spørsmål om religion eller samepolitikk?

– I følgje vår religion og kultur er det slik at levningane skal tilbake til vigsla jord.
Og det er vår religion eg representerer i denne saka.

Kan desse tilbakeføringane vere til hinder for innsamling av kunnskap om dei døde?

– Etter det vi har fått høyre, har levningane i liten grad vore nytta til forsking. [Før tilbakeføringa i  2011] tillet vi Universitetet i Oslo å ta prøvar av samtlege levningar, slik at ein ikkje skulle utelukke muligheita til framtidige analysar. Det heile hadde vore meir akseptabelt religiøst sett om det i utgangspunktet verkeleg dreidde seg om vitskapelege formål. Men i 1915 var tanken at ein skulle sjå på rase, og ikkje på menneske, slår Jarva fast.

Knokkelhus i Halstatt, Tyskland. Foto: Gakuro. Wikimedia Commons

Brit Sellevold peiker på at katolikkar har eit anna forhold til
levningar enn lutherske kristne. Knokkelhus i Halstatt, Tyskland. Foto: Gakuro. Wikimedia Commons

Uklart lovverk

Den norske staten, slik som så mange andre statar, har ei skamfull fortid med tanke på behandling av urbefolking. Innsamlinga av samiske levningar er berre ein liten del av ei lang historie om korleis ein prøvde å rykke heile kulturar opp med rota. Det er slike historier som også har gjort at det i mange land, i seinare tid, har dukka opp offentlege debattar omkring tilbakelevering eller repatriering av levningar. I USA førte dette i 1990 til etableringa av ein lov som mellom anna forbyr folk å  flytte levningar frå urbefolkning utan å kunne bevise eigarskap. Føderale museum og samlingar måtte elles lage lister over levningar og gravgods dei sat på, slik at desse kunne utleverast om nokon skulle gjere krav på dei. Her til lands herskar det enno tvil om kven som skal forvalte kva.

– Kulturminneloven vernar alle arkeologiske funn frå før reformasjonen i 1537, og samiske funn som er eldre enn 100 år. Utanom dette har vi gravferdsloven, men han gjeld berre i 40 år [etter at ein gravlund blir lagt ned]. Det vil seie at ei stor gruppe menneskelege levningar frå tida mellom reformasjonen og 40 år tilbake i tid, er utan juridisk vern. Det er ofte vanskeleg når entreprenørar som skal bygge vegar, hus eller liknande, kjem over uventa funn. Da blir det i høgste grad samfunnet, heller enn lovar, som dikterer korleis ein behandlar levningane.

Berit Sellevold er seniorforskar emerita ved Norsk institutt for kulturminneforskning, og osteoarkeolog. Ho seier at der lovverket er utydeleg, får samfunnet sine normer og kjensler desto større tyding.

– Om levningane er urgamle, og vi veit lite om dei, er det færre som vil ha innvendingar mot at dei blir forska på. Har dei slekt eller etterlevande familiemedlemmar, blir det annleis. Ein må vurdere samfunnets eigne etiske normer, seier Sellevold.

Og i følgje osteoarkeologen gjeld dette også når det kjem til religion.

– Ulike kulturar og religionar forstår døden ulikt, og dette legg føringar for korleis ein behandlar levningane. I nokre av dei store religionane er det sterke kjensler knytt til det å gripe inn i ei grav som inneheld levningar av eigne forfedrar. Dette gjeld til dømes dei ortodokse jødane i Israel, som ikkje tillet inngriping i graver. Blant kristne er det ulike meiningar. Til dømes har katolikkar ei anna meining enn protestantar når det gjeld relikviar i form av skjelettdelar, som er ein del av liturgien i den katolske kyrkja.

Emma_home

Emma Restall Orr. Foto fra hjemmeside.

Forfedrane lever vidare

Forskarar er pliktige til å gjere ein innsats for ikkje å trasse dei religiøse eller kulturelle ideala til verken dei døde eller gruppa dei tilhøyrde. Men kva skjer når nyreligiøse aktivistar krev gjengravlegging av eldgamle levningar ifrå museum og samlingar, på grunn av at dei føler eit andeleg slektskap med førkristne skjelett? Poeten og nypaganisten Emma Restall Orr har saman med organisasjonen Honouring the Ancient Dead (HAD) kjempa mot britiske arkeologar i nærare ti år.

– Eg starta HAD i 2004 som ein reaksjon mot korleis våre gamle forfedrar blir behandla i arkeologien og i museum; som vitskapelege gjenstandar og ikkje personar, seier Restall Orr som peiker på at kristne levningar i Storbritannia nyt eit større vern enn dei førkristne.

– HAD ønskjer å representere dei som føler at alle våre forfedrar må behandlast med lik omtanke og respekt, seier Restall Orr.

Trass i at dette er levningar som er så gamle at lite knyter dei til dei levande, meiner nypaganisten at dei gamle forfedrane framleis er «påverknadsrike medlemmar av samfunnet».

– Når nokon døyr i vårt samfunn, blir dette individet vist respekt. Vi tar hand om deira fysiske kropp, og gravlegg eller kremerer dei med verdigheit, og anerkjenner deira liv og kreativitet. Men ein dualistisk eller materialistisk filosofi lærer oss at ved døden er den fysiske kroppen ikkje anna enn «levningar», og at deira sinn har anten forlate kroppen, eller har vorte utsletta. [Vi meiner] våre forfedrar er ein integrert del av landskapet vårt, samfunnet vårt og våre individuelle måtar å vere på. Når vi snakkar om at dei fortset å påverke oss, siktar vi til behovet for å hugse nærværet av dei i alt vi er og alt vi gjer.

Når det gjeld forsking på førkristne levningar, stiller Restall Orr seg tvilande til at desse har eller kan få stor vitskapleg verdi.

– Ein kan seie at å vise respekt for forfedrane, deira gravplassar og deira fysikalitet, har langt større verdi enn veldig små bitar av informasjon skaffa gjennom vitskapelege studiar, som ofte forblir innafor det vitskapelege miljøet.

Svestad

Asgeir Svestad. Foto frå Universitetet i Tromsø sine nettsider
Fotograf: Ingrid Sommerseth

Nyreligiøst press

Det er vanskeleg for Emma Rastall Orr og hennar organisasjon å påvise slektskap til dei døde dei snakkar på vegne av. Ei andeleg kopling til desse forfedrane er ikkje nok til å endre lovverket, men HADs kampanjar har på ingen måte vore utan effekt. I ein Newsnight-reportasje kan vi sjå at ein ansvarleg frå Ipswish og Colchesters museumsteneste ikkje berre går med på organisasjonen sine krav om å gravlegge oppbevarte førkristne levningar, men det blir også ordna ein seremoni i tråd med nypaganistane sine ønskje. Kan norske arkeologar rekne med å møte motstand frå slike grupper framover? Kan kven som helst hevde opphav til eldgamle levningar, og i kva grad skal ein forskar ta omsyn til dette?

Det er vanskeleg å vite i kor stor grad nyreligiøse grupper kan få gjennomslag for sine syn, men dei har utvilsamt påverka debatten og skjerpa krava til vitskapelege undersøkingar.

Dette seier Asgeir Svestad, førsteamanuensis i arkeologi ved Universitetet i Tromsø.

– Ein kan seie at spørsmål om kva som er etisk, respektfullt og i tråd med dei dødes eigne ønskje, ofte har blitt redusert til våre eigne politiske, religiøse og faglege oppfatningar av kva som tener oss eller har verdi for oss, seier Svestad.

 Om vi fekk valet, ville vi heller at våre knoklar skulle støve bort i dunkle museumskjellarar, enn å bli gravlagt i jorda?

– Omsynet til dei døde sjølve, kven dei var, korleis dei levde, korleis dei ein gong vart gravlagt, verkar til å vere lite i fokus, trass i kva som blir hevda. Det er som oftast ikkje mulig å tilbakeføre skjelett til dei gravene dei ein gong var gravne opp ifrå, med tanke på den opphavlege gravskikken. Det enkle spørsmålet ein da kan stille, er om det er respektfullt å gravlegge nokon du ikkje veit noko om. Er dette å ære? Denne problematikken er kompleks, og er etter mitt syn vanskeleg å dømme ut ifrå, innrømmer Svestad.

Meir enn berre bein

Dei døde er ikkje ingen. Dei har namn, historier og opphav knytt til seg, akkurat som vi har. Av same grunn kan dei fortelje svært mykje om oss sjølve; kven vi var, kor vi stammar frå og korleis vi levde. Av og til er levningane stumme og seier oss lite. Men som vi har sett, betyr ikkje dette at dei er utan verdi.

Oppgravingane av skjeletta frå Neiden er ei stygg og veldokumentert historie. Derfor var det også lett å spore levningane til både skoltesamane og den ortodokse st. Georgs kirke i Sør-Varanger, da krava om tilbakeføring kom. Når det gjeld Emma Restall Orr og hennar førkristne forfedrar, har ho ei dårlegare sak. Skjeletta ho omtalar er så gamle at dei truleg ikkje kan knytast til nokon, men krava hennar er likevel ikkje bisarre: Om vi fekk valet, ville vi heller at våre knoklar skulle støve bort i dunkle museumskjellarar, enn å bli gravlagt i jorda?

Som Berit Sellevold minner oss om, må vi ta samfunnets etiske normer i bruk i slike vurderingar. Med tanke på at vi i stadig større grad lever i eit multikulturelt samfunn, der mange ulike oppfatningar om døden eksisterer på same tid, vil eit meir tydeleg lovverk bli eit behov før eller seinare. Og kven veit; kanskje blir det norske nypaganistar som driv desse endringane fram?

Religioner.no lenkar: 

 , , , , , , , ,