Aktuelt

Raelismen – science fiction sex-kult eller intelligent design for ateistar?

Erling Lorentzen      |      07/11/2012

Kven er eigentleg raelianarane? Korfor vil dei klone menneske, og korfor er dei så opptatt av sex og UFOar?

Raelianere i Sør-Korea. Foto: Wikimedia Commons.

Av Erling Lorentzen

Om ein gjer eitt søk på raelismen på nettet blir ein møtt med bildar av topplause unge jenter bærande på oppblåsbare UFOar og plakatar som frontar seksuell frigjering. Organisasjonen som har ein logo som ser ut til å vere ein kombinasjon eit hakekors og ei davidstjerne, oppfordrar til kloning av menneske, og kjempar elles for å opprette ein ambassade for utanomjordiske vesen i Israel. Kven er eigentleg raelianarane? Religioner.no har vore så heldige få tak i ein av dei veldig få raelianarane i Norden, for å ta ein prat om UFOar, sensuell meditasjon og kloning.

Kenny Stolpe er leiar for den svenske fløya av den raelianske rørsla, som har dei einaste tretti medlemene i Norden. I følgje Stolpe finst det nærare 80,000 raelianarar på verdsbasis.

– Eg vart medlem etter at eg hadde lest boka og hadde brukt noen månadar på å undersøke ulike kjelder på eiga hand, for å kontrollere ulike fakta og dra mine eigne slutningar. Til slutt kom eg fram til at dette den mest truverdige teorien om opphavet til livet.

Kenny Stolpe – privat bilde.

Utanomjordisk bibellesing

Boka Stolpe omtalar er Intelligent design: Ein beskjed frå designarane, skrive av Raël, organisasjonens grunnleggjar og profetfigur. Franskmannen Raël som opprinneleg heiter Claude Vorilhon, hadde tidlegare karrierar innafor visesong og motorsportjournalisme før han ein desemberdag  i 1973 visstnok hadde eit møte med ein UFO i Clermont Ferrand, sør i Frankrike. Gjennom dette møtet hevdar Vorilhon å ha fått kontakt med vitskapsmenn frå ein annan planet som han kallar elohim («gudar» på klassisk hebraisk). Intelligent design er i praksis ei openberring der Vorilhon i sitatform gjengir kunnskapen og sanningane som dei utanomjordiske skapningane gir han. I veldig grove trekk går dette ut på at elohim gjennom avansert teknologi har skapt alt liv på jorda, at evolusjon er ei myte, og han sjølv, som deira utvalte sendebod under namnet Raël, skal leggje til rette for deira velkomst til planeten vår.

det dreier seg om ein ateistisk religion, der livsfilosofien minner om buddhismen

Det er ikkje berre tittelen på Raëls bok som minner oss om kristendomen; Intelligent design er full av bibelsitat. I det første kapittelet som har fått det ambisiøse namnet «Første mosebok», blir Raël gjennom fleirfoldige referansar til det gamle testamentet, forklart den sanne meininga bak versa som skildrar vårt opphav. «Berre delene av bibelen som eg oversett no er viktige. Andre deler er berre poetisk babbel som eg ikkje vil si noe om», openberrar elohim til Raël.

Men det er ikkje berre Bibelen som inneheld «spor av sanning»; dette gjeld praktisk talt alle religionar. Og nærast av alle kjem den jødiske mystiske retninga kabbala, skal vi tru Raëls utanomjordiske kjelder. Det blir forklart at profetar som Jesus og Buddha gjennom tidene har fungert som sendebod for elohim for å førebu menneskeheita på «vitskapsalderen». Reint bortsett frå at folk fram til no har vore for blinde og primitive til å forstå det eigentlege innhaldet i skriftene deira.

Tilsynelatande har raëlismen ein profet, sentrale skrifter og skapingsforteljingar. Har vi med ein religion å gjere?

–Vi er ein ideell organisasjon, seier Kenny Stolpe. – Men du kan også seie at det dreier seg om ein ateistisk religion, der livsfilosofien minner om buddhismen.

Stolpe seier at han ikkje er noe vidare glad i ordet sekt, som ofte blir assosiert med raëlismen.

– Alle har rett til å tru kva dei vil og vere med i kva organisasjon dei vil, utan å bli klassifisert som «sektmedlem», fortsett Stolpe som meiner termen «religiøs minoritet» er meir dekkande.

Raelianaranes symbol, ein kombinasjon av davidstjerna og eit hakekors, gjer det ikkje lettare for israelske myndigheiter å selje dei ei tomt til bygginga av elohims ambassade på Jorda

Ambassadørar for fred

Som profet er hovudoppgåva til Raël å legge tilrette for at elohim skal kunne returnere til jorda. Det er spådd at denne returen skal ta plass i 2035. Dette skjer naturlegvis ikkje utan at visse krav blir oppfylt. I Intelligent design kan vi lese at «…om menneska av jorda ønskjer å dra nytte av vår erfaring, og at vi skal gi dei 25,000 år med vitskapleg kunnskap, må dei vise oss at dei er klare for å møte oss, og framfor alt demonstrere at dei fortener det og at dette kan bli gjort utan å sette oss i fare»

I praksis betyr dette at menneska sluttar fred og legg ned alle våpen. Men framfor alt skal det byggjast ein ambassade for å ta imot elohim. Dette har vist seg å vere lettare sagt enn gjort, særleg når teikningane av ambassaden inkluderer ei davidstjerne omgitt av eit hakekors. Søknadar til å opprette ein slik ambassade både i Jerusalem og Beirut har vorte forkasta av dei respektive israelske og libanesiske myndigheitene.

– Det er berre politikk som er problemet, seier Kenny Stolpe. – Vi kjem sjølve til å betale alle kostnader for tomta og bygginga. Det einaste vi krev er at eit lands regjering skal gi oss diplomatisk immunitet og eit trygt luftrom

– Er det viktig at ambassaden må vere i Midtausten?

– Prioriteten er at han skal byggast i nærleiken av Jerusalem, men dette er ikkje nødvendig. Den kan byggast i kva land som helst. Noregs regjering har enno ikkje fått spørsmålet, men vi har sendt brev til både Sveriges og Finlands regjeringar. Regjeringa i Sverige har ikkje svara, og status i Finland kjenner eg ikkje til.

Vi meiner at seksualitet og nakenheit ikkje skal vere forbunde med tabu og skuldkjensler

Ei sensuell oppvakning

«Kyrkja har synda der ho har gjort at menneska kjenner skuld…» fortel elohim oss i Raëls openberring. Som nemnt innleiingsvis er raelismen i medias rampelys ofte akkompagnert av nakne unge kroppar, medan raelianske seminar i sensuell meditasjon har rykte på seg for å vere ein god møteplass for den som er på utkikk etter å utforske både seg sjølv og andre.
Kor stor plass har sex eigentleg i raelismen?

– Vi meiner at seksualitet og nakenheit ikkje skal vere forbunde med tabu og skuldkjensler, forklarar Stolpe. – Dette er viktige spørsmål. Ein sett grenser ved seg sjølv som menneske om ein kjenner skam, og ikkje nyt livet.

Når det gjeld sensuell meditasjon har dette røter i tanken om at sensuell oppvakning fører til mental oppvakning. Fenomenet blir behandla som ein eigen doktrine i raelismen, og Raël har skrive ei eiga bok om emnet der han i detalj skildrar dei einskilde øvingane som gir ulike nivå av esoterisk kunnskap. Sensuell meditasjon har seks fasar der ein byrjar ved «Å vere i harmoni med det evige», og om ein vil, endar med «Erotikk og gjensidig opphissing».

om ein kjend sexolog eller yogalærar seier det same som oss, så lyttar alle med store interesse

– Meditasjon kan vere mange ting, seier Kenny Stolpe. Det dreier seg ikkje berre om å sitte i ei spesiell stilling og duppe av. Det kan vere snakk om å nyte musikk. Sensuell meditasjon handlar først og fremst om å lære seg til å finstille sanseapparata

Stolpe legg vekt på at seksualitet er ein av mange ting som raelianarane bryr seg om, og at media har ein tendens til å overdimensjonere dette aspektet. – Det interessante er at om ein kjend sexolog eller yogalærar seier det same som oss, så lyttar alle med store interesse.  Men når vi uttalar oss om slike saker, så blir vi stempla som ei «farleg sexsekt».

Kloning av menneske og jakta på evig liv

Det er ikkje berre dei seksuelle sidene ved organisasjonen som media heng seg opp i. I 2002 skapte selskapet Clonaid ein mediastorm da konsernsjefen Brigitte Boisselier hevda at dei hadde klart å klone ein baby. Clonaid deler eit filosofisk grunnlag med den raëlianske rørsla, og Boisselier er visstnok ein kollega og ven av Raël sjølv. Ved hjelp av Clonaids eigen innovasjon, ei «embryonisk cellefusjonmaskin», meiner Boisellier å ha vore i stand til å klone fleire sunne menneske i seinare tid. Reaksjonane har vore mange og krasse, der vitskapsfolk verda over har skulda Clonaid for å drive med uetisk forsking, og i beste fall for å fare med løgn. Fram til no har ikkje Boisselier vore i stand til å vise til konkrete resultat.

Der Clonaid ønskjer å framstå som eit humanitært prosjekt for å hjelpe ulykkelege par som ikkje kan få, eller har mista eit barn, er kloning i raelianismen framfor alt kopla til tanken om evig liv. Raël skriv i boka Ja til kloning av menneske at vår kunnskap om emnet enno er i infantilstadiet, men at det er sannsynleg at ein i framtida vil kunne utvikle ein teknologi som gjer oss i stand til å klone vaksne menneske. Det er nemleg dette som gjer at elohimane har overlevd fram til no. Raël ser også for seg at vi vil vere i stand til å laste opp minna våre til nettet. «Slik kan vi fortsette å eksistere og kommunisere med omverda i ein datamaskin, etter at dei fysiske kroppane våre døyr – spesielt viss denne datamaskina er utstyrt med sensorar som kamera og mikrofonar», skriv Raël.

Det er først og fremst viktig å kunne vere nøgd med livet slik det er her og no, seier Stolpe som forsikrar oss om at hovudoppgåvene til raelianarane trass alt er å spreie Raëls bodskap, og å opprette den nemnte ambassaden. – Etter dette kan kvar enkelt avgjere kva spørsmål dei sjølv syns er viktige.

Kunne du sjølv tenke deg å leve evig?

– Eg vil definitivt leve lengre, og til og med evig, sidan det finst så mye å oppdage og oppleve. Stolpe seier han trur det snart vil bli mulig å forlenge levealderen vår mange gonger, noe som gjer at befolkninga må regulerast. – Det er uakseptabelt for miljøet om befolkninga fortsett å auke. Men dette vil vere enkelt å regulere ved at kvart individ berre for ha eitt barn. Altså to barn per par. Det er ei av fleire anbefalingar for samfunnet som vi finn i Raëls bøker.

Raelianar i Skandinavia

Korleis er det å vere ein av tretti raelianarar i heile Norden? Kenny Stolpe seier arbeidet går i bølgjer, men han verkar sjølv til å vere optimist. – I år har vi fått fem nye raelianarar i Sverige. Om ein reknar i prosent, har vi større vekst enn den svenske kyrkja som mistar tilhøyrarar kvart år, seier Stolpe.

Elles meiner Stolpe at den raelianske ideologien stemmer godt overeins med tidsånda i dei nordiske landa. – For eksempel har vi gratis skolegang. Ein av våre tankar er at alle i samfunnet skal ha same moglegheiter frå starten av livet. Elles nemner Stolpe at retten til fri abort, likekjøna ekteskap, seksualundervising i skolen og ytringsfridom er noen av mange ideal innafor raelismen som allereie fungerer i dei skandinaviske landa. Raelianarane i Norden har det derfor litt lettare enn medlem som opererer i meire konservative land, slår Stolpe fast.

Men dette er ikkje å si at det ikkje finst utfordringar.

– Det er vanskelig for oss at UFO-rapportar ikkje blir tatt seriøst i media. Ein kan jamføre med korleis dette blir handtert i søramerikansk, russisk og kinesisk media. Der blir observasjonar behandla objektivt på same nivå som øvrige nyheiter. [Om ein går ut med slikt] i media her til lands, blir ein anten forfølgt eller ignorert.

Stolpe skulle ønskje at skandinavar i større grad lot seg rive med. – Mange er allereie ateistar og når eg pratar med folk om dette, får eg ofte som reaksjon at «Ja, det der kan stemme. Teorien dykkar er jo meir logisk enn det å tru på Gud». Men det er jo mange som enno tenker at dei heller vil vente og sjå, og som trur på evolusjonsteorien. Mi kjensle er at folk i dei nordiske landa er redde for å engasjere seg.

Når eg høyrer Kennys nøkterne visjonar om eit egalitært samfunn og refleksjonar rundt religionsfridom, føler eg at avstanden til dei spektakulære og flashy paradane med naken ungdom i California berre blir større.  Er raelismen ei sex-kult? Lite truleg, spør du meg. Like fullt er UFO-observasjonar, swastikalogoar og planar om kloning av menneske nok til å halde medias interesse gåande. Kvar religion, rørsle, sekt, uansett kva ein veler å kalle det, har mange fjes, og det verkar som om dei PR-ansvarlege i den raelianske rørsla veit akkurat kva dei driv med.

Religioner.no lenkar: 

Lenkar: 

 , , , , , , , , , ,