Meninger

Åndelig, ikke religiøs.

religioner      |      25/03/2013

Særlig innenfor det alternative miljøet er det vanlig å betegne seg som åndelig, ikke religiøs. Men er det uten videre riktig å skille mellom åndelighet og religiøsitet på denne måten? Og har religionsvitere som aksepterer denne todelingen tenkt nøye nok igjennom muligheten for at de i realiteten velger side i rivaliseringen mellom to ulike religionsformer? Anne Kalvig mener det er god grunn til å være skeptisk til et altfor entydig skille mellom disse begrepene. 

Av Anne Kalvig

Anne Kalvig.

Anne Kalvig.

Denne kronikken ble først publisert i Klassekampen i noenlunde samme utgave, den 21.3.2013. Anne Kalvig er førsteamanuensis i religionsvitenskap ved Universitetet i Stavanger. Hun har spesialisert seg på nyåndelighet, samtidsreligiøsitet og folkelig religiøsitet. 

For mange er det blitt naturleg å seia «eg er ikkje religiøs, men eg reknar meg som åndeleg». Så motsett einannan synast begrepa å bli oppfatta, at det eine utelukkar det andre. Det som kunne ha vore ord til nyansering av liknande fenomen, er blitt meir rigide inndelingar og evalueringar, der det i mange krinsar – også i dei me vil rekna som meir sekulært orienterte – er betre å vera åndeleg enn religiøs.

På Facebook, som vindauge til strøymingar i tida, florerer ulike bilete med kortfatta meldingar som uttrykker standpunkt og overtydingar av ymse slag som avsendaren ser syn på. Eitt slikt bilete, typisk i bodskap og illustrasjon, viser til motsetninga mellom åndelegheit og religion: Ein leopard strekk hals og beundrar ein sommarfugl øvst i biletet, med følgjande tekst i kvitt på svart botn mellom snute og insekt: «I’d rather have a mind opened by wonder than one closed by belief». Dyret og insektet refererer til det naturlege, ekte, autentiske, i følgje tidsånda sine preferansar. I ei fortrylla tid er det ingenting i vegen for at eit rovdyr kan «formulera» slike funderingar. Leoparden er midt i mysteriet, uttrykker åndelegheit, og er eit døme å følgja for folk, som altså blir åtvara mot å bli lukka inn i trua, eller religionen, sitt mørke. Eit tematisk tilsvarande Facebook-bilete er av eks-teosofen Krishnamurti (1895-1986), som blir sitert på at «Religion is the frozen thought out of which they build temples». Krishnamurti blir rekna som eit djupt åndeleg menneske.

(…) åndelegheit kan også handla om jag og ufriheit, og religiøsitet kan handla om samband og hjartefred. Dagens ordbruk inneber to for eintydige motsatsar, og me må spør kven sine interesser dette tener?

For religionsvitskapen er dette i utgangspunktet døme på empiri, altså på den religiøse (åndelege!), kulturelle røyndomen me har som forskingsobjekt. Viss folk føretrekk å kalla seg åndelege, ikkje religiøse, ja, så gjer dei det. Det er likevel ikkje til å komma i frå at bruken av og meiningsinnhaldet i dei to orda, bygger på nokre sterke, normative vurderingar som me innan ulike fagmiljø må vera medvitne om, og kanskje bidra til å nyansera eller motverka. Der er nemleg svært mange menneske som framleis blir rekna, og som reknar seg sjølve, som religiøse, som tilhøyrande ein religion. Er desse kollektivt representantar for mørke, blind tru, stivbeint dogmatikk, tankelås, undertrykking og tvang? Neppe. Det er fakta at slike element også er del av religionar i samtid og fortid, men å tømma begrepet for all mogleg, positiv meining, er å plassera det inn i ei evaluerande og diagnostiserande ramme som såleis umogleggjer ordet som nøytral markør.

Kva viss fagmiljø adopterer same, normative vurderingar? Det skjedde i 2005, då to sentrale, engelske religionssosiologar, Paul Heelas og Linda Woodhead, gjorde eit breitt feltarbeid på religion i den engelske byen Kendal. Dei ville undersøka ein spirituell revolusjonspåstand – at tradisjonell, kyrkjeleg religionstilslutning er i ferd med å vika for tilslutning til alternativ spiritualitet/nyreligiøsitet. Eit interessant prosjekt, men tesen dei utvikla til feltarbeidet, er denne: i moderne kulturar har folk vendt seg frå å leva livet i tråd med ytre normer, til å leva livet med referanse til eigne, subjektive opplevingar. Dette blir satt opp som dikotomien «førestilt liv» («life-as») versus «subjektivt liv». Dikotomien korresponderer med religion versus åndelegheit, der fyrstnemnte byr tilhengarane å leva livet etter ytre reglar og slik forsømma «kultiveringa av deira unike, subjektive liv», medan åndelegheit hjelper folk å leva livet i samsvar med «den djupaste, heilage dimensjonen i deira eigne, unike liv». Dette er normativ-dikotomisk og alternativteologisk begrepsutvikling og framstilling, der tradisjonelle religionar blir tømde for åndelegheit og ektheit. Seinare utviklar Heelas (2008) uttrykket «livsspiritualitet», men også dette kan gje normative assosiasjonar, til dømes til «dødsreligion» som motsats.

Spirituell revolusjonspåstanden har blitt meir imøtegått enn begrepsapparatet som blei utvikla kring han. Den normative vurderinga av åndelegheit versus religion har fått innpass i mange samanhengar og på mange kulturelle felt. Men åndelegheit kan også handla om jag og ufriheit, og religiøsitet kan handla om samband og hjartefred. Dagens ordbruk inneber to for eintydige motsatsar, og me må spør kven sine interesser dette tener?

 

 

 , , , , , ,

  • Pingback: Vil appellere til religiøse nordmenn med grønne verdier | Religioner.no()

  • Sigmund Syvertsen

    For meg handler åndelighet om noe som har sin rot i menneskets eget vesen, som oppdages, utvikles og integreres i livssituasjonen. Religion ser jeg på som noe som mennesket skaper i sitt sinn, altså et resultat av tanker og følelser, en slags erstatning for åndelighet. Men det synes jo som om disse fenomener kan eksistere sammen, slik en f.eks. kan henge lys og annen pynt på et levende tre.