Aktuelt

Den siste sjaman

Erling Lorentzen      |      19/01/2013

På Filippinene er ein urgamal religiøs tradisjon iferd med å døy ut. Sosialantropologen Arne Røkkum fortel om livet og døden til kvinna som var den siste sjamanen blant tagbanuafolket på øya Palawan.

 

Av Erling Lorentzen

Arne Røkkum viser klipp frå den avdøde Sjamanen Titinas siste dramatiske seanse. Foto: Erling Lorentzen

Arne Røkkum viser klipp frå den avdøde Sjamanen Titinas siste dramatiske seanse. Foto: Erling Lorentzen

-Du kjem ikkje langt med å vere journalist, seier Arne Røkkum. -Ein oppdagar ikkje stort ved å berre stille spørsmål; ein må delta.

Røkkum er professor i sosialontropologi og tilsett ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Framfor ein fullsett sal, legg han ut om den filippinske sjamanen Titina – den siste kvinnelige sjamanen blant tagbanuafolket på øya Palawan. Røkkum vart kjend med sjamanen i den siste perioden av livet hennar, gjennom eit feltarbeid på øya.

Titina vart drepen den 18. oktober i 2012 – ei hending så fersk at antropologen enno omtalar sjamanen som om ho er i blant oss:

– Titina ser på seg sjølv som eit medium, som eit reiskap for tradisjonen. Ho er ein forvaltar av ein kultur som vil vere tapt i løpet av noen få år, slår Røkkum fast.

Religiøst mangfald
Filippinene, som er ein sekulær stat, har eit stort religiøst mangfald. Islam kom som importvare allereie på 1300-talet gjennom handelsfolk frå Persiabukta, og kristendomen kom seglande med den spanske utforskaren Magellan i 1521. Begge religionane pregar enno landet i stor skala, der omtrent 80% blir rekna for å vere romersk-katolsk. I tillegg finn ein eit mylder av andre tradisjonar; buddhisme, hinduisme, bahá’íisme for å nemne noen.  Dette kjem i tillegg til det Røkkum skildrar som dei mange «førkoloniale urreligionane».

Mark som kjæledyr
I antropologien har sjamanisme, eller animistisk religion, tradisjonelt vorte kartlagt gjennom psykiske, indre skildringar av aktørane. Dette er kanskje ikkje eit merkelig utgangspunkt. Forsamlinga på kulturhistorisk museum sitt spikra medan Røkkum viser oss ein video av Titina som nærmast kollapsar etter ein lang rituell seanse der ho har vore besatt av ei ånd frå 1500-talet.

Men Røkkum på si side forsikrar oss om at studie av religion er eit studie av handlingar. For ideal om det hinsidige er alltid tett knyta til den materielle verda. For eksempel er Titinas enorme kunnskap om lokale urter og plantar viktig for seansane, som ofte involverer ein form for rituell mat. Naturkunnskap, dansar, hymnar, kommunikasjon med døde stammefeller og andre ånder – alt dette blir knyta saman i rituala. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Titina er, eller var, ein sentral forvaltar av kulturen til tagbanuafolket.

Filipinskefiskerogriktigagn-foto.erlinglorentzen

Det er ikkje god skikk å bruke dei lokale åndenes kjæledyr som agn. Blant tagbanuafolket bør ein derfor ikkje bruke mark. Avbilda er eit eksempel på ein meir korrekt type agn, og ein fangst som bevis på at det verkar

Røkkum innrømmer at det ikkje alltid var lett å forstå symbolikken i ritane eller kva folk sjølv tenker om trua deira. I ein kultur der folk ikkje har for vane å snakke om religion, er aktiv deltaking nøkkelen for å forstå samanhengane. Sosialantropologen seier han sjølv snubla over religiøse sanningar da han skulle dra ut å fiske. Han oppdaga at det ikkje var spesielt populært da han ville bruke mark som agn.

– Det viste seg at mark var kjæledyret til ei av åndene, seier Røkkum

Skitne kvinner og reine menn
Hos stammebefolkninga på Filippinene er det sjeldan å sjå mannlege sjamanar. Dei er som regel medisinmenn, blir vi fortalt. Dei utøver reinsingsritual ved hjelp av urter, blad og amulettar og så vidare. Dette er noe ganske anna enn det Titina driv med, der vi ser bildar av ho i transe, traskande rundt i blinde medan ho balanserer eit sverd på hovudet. Kva er det eigentleg ho gjer?

Både sjamanane og medisinmennene fungerer som eit helsemessig, psykologisk tilbod for lokalbefolkninga, får vi høyre. Titina kommuniserer med dei lokale åndene, og etter seansen er det muligheit for å drøfte tydinga av hendingsforløpet på tomannshand.

– Eit rituale er eit spørsmål og eit svar, seier Arne Røkkum.

– Går det eller går det ikkje? Har ho evna til å halde ein guddom på hovudet? Om gjenstanden går i bakken, er dette eit teikn på kaos.

Og kaos er eit teikn på ureinske og skitt. Det religiøse livet til tagbanuafolket er dominert av denne dikotomien. Den  franske sosiologen Émile Durkheim hevda i si tid at skilnaden på “det heilage og det profane” var ein sentral karakteristikk hos all religion. Etter alt å dømme verkar det som om kvinnene på øya er meir “profane” enn mennene på øya Palwan. Der mennene helar og lekar, er Titina konstant i kontakt med både gode og onde ånder.

– Det er svært viktig for henne å meistre desse rituala, forklarer Røkkum. For om noe skulle gå galt, er sjansen for å bli oppfatta som ei “trollkvinne” stor.

Kjærleik, incest og død
Røkkum seier at europearane som først studerte religionane til urbefolkninga på Filippinene, var overraska over å finne ein etter forholda progressiv kjønskultur. Tanken om romantiske forhold og ekteskap basert på kjærleik var sentral. Dette var kanskje ikkje det dei utanforståande forskarane venta å finne i si jakt på  det eksotiske og framande.

Ein ting var derimot slettes ikkje tolerert; incest. Og Filippinarane opererte med ei vid tolking av fenomenet. Fram til 1920-talet, skal vi tru Røkkum, kunne seksuell omgang mellom søskenbarn bli straffa med døden. Incest var eit tema sjamanen Titina tok opp i den siste seansen før sin død, og var truleg også grunnen til at ho vart drepen.

Det 15 år gamle barnebarnet til Titina hadde vore offer for valdtekt av ein slektning. I djup transe hadde sjamanen namngitt han ho meinte var syndaren. Den utpeikte hadde reagert med å forlate lokalet, for så å dukke opp ei tid seinare med eit heimlaga våpen som han skaut Titina med. Sjamanen, kulturforvaltaren, og legenden var død. Den siste av sitt slag.

Ei usikker framtid
I følgje Arne Røkkum går tagbanuafolket ei usikker framtid i møte.

– Myndigheitene er ikkje klar over at desse fattige menneska, som etterkvart vil gå over til å bu i slummen av Manila, forvaltar ein veldig viktig del av den filippinske kulturarven, seier Røkkum til Religioner.no

Korleis oppfattar det øvrige filippinske samfunnet  sjamankulturen?

– Ordet dei har for sjaman – babaylan – er veldig godt kjent i Filippinene. Men eg trur at dette blir sett på som  meir eit historisk fenomen, enn noe som faktisk lever og eksisterer i dag. Det finst ikkje forståing i det filippinske samfunnet for at den verdifulle førkoloniale kulturen, som vart studert med stor interesse av spanjolane på 1500-talet – han er der fortsatt.

I skuggen av kristendomen
Røkkum seier at sjamanismen på Palawan tydleg har element av andre religionar. Han har mellom anna registrert innslag av islam, men det er derimot eit fråvær av kristen påverknad. Kanskje kan dette vere eit uttrykk for at urbefolkninga kulturelt sett føler seg truga av det som er den dominerande religionen i landet.

– I [den lokale] kristendomen finn ein også magi, og deltaking gjennom bruk av amulettar og talismanar. Den kristne magien engasjerer folk på eit heilt anna nivå enn det ein finn hos urbefolkninga.

Røkkum fortel at tidlegare i januar i år hadde filippinsk media rapportert at omtrent 8 millionar menneske deltok i ei årleg vandring der ein skulptur av Jesus, Den svarte Nazarene, blir bore gjennom gatene i hovudstaden Manila og plassert i ei kyrkje i Quiapo-distriktet.

– Er det ein subtil kulturkonflikt mellom urreligionane og kristendomen?

– Eg trur at den kulturen eg har dokumentert, vil vere borte før noe slikt vil kunne skje. Om rituala skulle overleve, vil dette vere i form av folklore. Høvdingen for tagbanua-stammen er sjølv kristen. Han prøver no å organisere noen av dansane og rituala i førestillingar på ein stadion, der ein opnar med kristen bøn.

Den siste sjaman
Som på dei fleste andre plassar i verda, lever urbefolkninga på Filippinene i marginen av majoritetssamfunnet. Dei ulike urstammane representerer ein kultur og  eit opphav som kanskje er i ferd med å bli gløymd. Den nomadiske levemåten til mange av dei, passar dårleg i rammene til dei territorielle krava ein moderne stat stiller. Og religionane deira blir i beste fall sett på som historiske fenomen. Der mange er bestemt på å bevare sin kultur, vel andre å tilpasse seg storsamfunnet.

Tyder Titinas død slutten for sjamantradisjonen blant tagbanuafolket?
– Det å vere sjaman er ikkje arveleg, seier Røkkum. Han forklarar at Mora til Titina var sjaman, men at det er ingen garanti for at barna hennar vil ta over rollen. Det kan verke som ho har etterlate seg store sko å fylle.
Artikkelen er ein stemningsrapport frå foredraget «Henrik Bull inviterer: Sjamanen Titina og åndene», heldt på Kulturhistorisk museum, 17. januar.

 , , , ,