Aktuelt

Diktatoren og pinsevenen

Erling Lorentzen      |      08/07/2013

Den tidlegare militærgeneralen Efrain Rios Montt er tiltalt for folkemord. Kva vil ein eventuell dom bety for det som er Guatemalas raskast vaksande religion?

Av Erling Lorentzen

Efrain Rios Montt. Foto: Gobierno de Guatemala

Efrain Rios Montt. Foto: Gobierno de Guatemala

I 1982 gjennomførte generalen Efrain Rios Montt eit statskupp i Guatemala. Rios Montt, som ikkje lenge før kuppet hadde vorte ein del av landets stadig veksande pinserørsle, oppheva konstitusjonen, suspenderte opposisjonspartia, og gjorde seg sjølv til president; noko han meinte var Guds vilje. I sitt korte, men brutale 17 månadar lange styre, førte han nådelause kampanjar mot landets marxistar, og gjorde det sitt mål å drive ut katolske prestar med sosialistisk forankring.

Rios Montts politiske korstog mot kommunismen inkluderte valdelege militæraksjonar mot dei fattigare delane av landet. Dette ramma spesielt urbefolkning og bønder; folk han meinte var særdeles mottakelege for marxisme. «Om de er med oss, skal vi brødfø dykk. Om de er imot oss, skal vi drepe dykk» skal han ha proklamert til landets mayaar i 1982.

Omtrent tretti år seinare er Efrain Rios Montt den første latinamerikanske leiaren til å bli stilt for retten, tiltalt for folkemord. Han blir mellom anna skulda for å ha bestilt drapet av 1700 ixil-mayaar. Det er vanskeleg nok å spå utfallet av det som til no har vore ei mildt sagt turbulent rettssak, men kva vil ein eventuell dom bety for det som er landets raskast veksande religion?

Er dette eit godt tidspunkt for landets mayaar å revurdere deira tilknyting til protestantismen, som ein av ekspertane i denne artikkelen foreslår? Kva er koplinga mellom framveksten til den guatemalanske pinserørsla og amerikansk imperialisme? Følg på, mens vi gjer eit dykk i dei mørkare delane av Guatemalas historie.

Gina Lende

Gina Lende. Kilde: mf.no

Starta med eit jordskjelv

I dag er omlag 40% av Guatemalas 13 millionar innbyggarar pinsevener. På 60-talet reknar ein med at dette gjelde berre omlag tre prosent av befolkninga. Rettnok er pinserørsla ein av dei raskast veksande religionane på verdsbasis, men veksten i Guatemala er likevel utan sidestykke. Kva var det som skjedde? Det finst ulike teoriar, men dei fleste forskarar ser ut til å vere einige i at det enorme jordskjelvet som ramma landet i 1976,  fungerte som eit startskot for pinserørslene i landet.

– Dette jordskjelvet var ei hending som for alvor sette Guatemala på kartet, og gjorde at mange utanlandske kyrkjer vart engasjerte, seier Gina Lende.

Lende er stipendiat ved Menighetsfakultetet i Oslo, og jobbar no med ei doktorgradsavhandling som tar for seg pinserørslene i Guatemala og Nigeria.

– Mange evangelistiske kyrkjer sendte pengar til Guatemala, og var veldig effektive med å gi nødhjelp, og slik etablere seg sjølv i området. Desse kyrkjene fekk raskt ein lokal karakter.

Lende legg vekt på at litt av suksessen til  pinsekyrkja i Guatemala har vore i hennar unike evne til å tilpasse seg ein situasjon prega av mangel på stabilitet. Slik kunne evangelisk protestantisme bli ein alvorleg konkurrent for den katolske kyrkja.

– Pinserørsla har vore gode i krisetider. Det var enormt mykje lettare å omorganisere pinsekyrkja enn den katolske. Pastorane trong inga formell utdanning, og ein hadde ikkje behov for kyrkjebygg for å operere; det var nok med ein garasje eller eit hjørne ved eit kjøpesenter. Slik voks rørsla fort.

Vincent Stanzione. Kilde: Prensalibre.

Vincent Stanzione. Kilde: Prensalibre.

Ein kamp mot vonde makter

Om pinsekyrkjene i Guatemala har fungert godt i krisetider, har dei i allefall hatt mykje nød og pinsle å ta tak i. Frå 1960 til 1996 vart landet kasta ut i ein blodig borgarkrig, som resulterte i minst 150.000 døde. Etter eit statskupp orkestrert av CIA i 1954, følgde ein periode med valdelege høgregjeringar og militære figurar som tok makta ved tvang. Fleire av desse gjorde seg skuldige i grove menneskerettsbrot. Venstreorienterte militsar, ofte danna av mayaar og bønder, dukka opp over alt, og slost tilbake. Krigen var eit faktum.

Da Efrain Rios Montt karra til seg makta i 1982, var han den første regenten i landets historie som var ikkje-katolsk. Få dagar etter kuppet tok han imot den kontroversielle amerikanske evangelisten Pat Robertson som ville gratulere den ferske presidenten med sigeren. Robertson delte Rios Montts avsmak for katolske prestar og sosialistar, og såg på generalen sitt presidentskap som ein åndeleg seier for Guatemala. «Litt etter litt byrja mirakelet å skje» fortalde Robertsen om det han meinte var ei demokratisk utvikling i området. Han var ikkje den einaste som tolka desse hendingane i eit bibelsk rammeverk.

– Inntoget av Rios Montt og hans styre hadde ein enorm effekt på pinserørsla i Guatemala. Mange såg på han som ei slags guddommeleg hemn mot den ukristelege kommunismen.

Dette seier religionshistorikaren Vincent Stanzione på telefon frå Guatemala. Han fortel korleis den statlege hæren til Rios Montt nytta religiøs retorikk for å få folk til å vende seg mot den venstreradikale geriljaen.

– Militæret jobba aktivt med å få folk til å bli pinsevener. Da dei hadde samtalar med lokalbefolkninga i høglandet, sa dei at endetida er nær, og skildra geriljaen nærmast som noko demonisk. Måten ein ville fjerne desse folka frå jordas overflate på, hadde mange bibelske undertornar. Det heile vart framstilt som ein kamp mellom det gode og det vonde, seier Stanzione.

Lat den gamle mannen vere.

Stanzione er opphavleg amerikanar, men har i dei 25 siste åra budd blant tz’utujil-mayaar i Santiago Atitlán-høglandet i Guatemala. I kampane mellom hæren og geriljaen, var mayaane ofte av dei som vart ramma hardast. Anten ved at dei var ein aktiv del av motstandsrørsla, eller mistenkte for å støtte ho. Drap på sivile mayaar og bønder var hyppige. Trass i desse blodige hendingane under borgarkigen, seier Stanzione at urbefolninga i dag har eit normalisert forhold til pinserørsla. Mange av dei er sjølve også pinsevener.

–  Måten pinserevekkinga kom inn i landet på har mange imperialistiske konnotasjonar, men folk har gått vidare. Dei har tilpassa ein religion som kom utanfrå, og har gjort han til sin eigen.

– Korleis ser mayaane på Rios Montt?

– Det verkar som folk syns synd på han. Mange seier “Lat den gamle mannen vere. Han har fått nok.” Mange kjenner nok ikkje til kva han gjorde, men dette er såklart annleis for dei familiane som er direkte påverka av hans handlingar, seier Stanzione.

Oje Jakob

Ole Jakob Løland

Kristne marxistar

Ein kan spørje seg sjølv om i kva grad kommunismen i Guatemala lar seg skildre som «ukristeleg». Ole Jakob Løland, stipendiat ved Det teologiske fakultetet, er snar til å minne oss om at i Latin-Amerika har kristen teologi og marxisme gått hand i hand sidan dei fann kvarande på 1960-talet. Det heila byrja med ein kampanje som vart kalla «Katolsk aksjon».

– Denne lekmannsrørsla skulle gjenkristne Europa, og spesielt nå ut til arbeidarklassen, fortel Løland.

– Også i Latin-Amerika satsa kyrkja på denne strategien, men resultatet vart noko anna enn kva ein hadde tenkt seg. Da aktivistar frå Katolsk aksjon reiste ut til arbeidarklassen, møtte mange av dei fattigdommen ansikt til ansikt. Den einaste andre grupperinga som var opptatt av arbeidarklassen sine kår var kommunistar, og mange katolikkar fikk ei heilt anna holdning til desse menneska enn Pave Pius XII i Roma, som i 1949 ekskommuniserte katolikkar som meldte seg inn i det italienske kommunistpartiet

Dette markerte starten av frigjeringsteologien; ei politisk rørsle innafor katolisismen som legg vekt på dei revolusjonære trekka ved lærdomen til Jesus Kristus.

I kor stor grad er pinserørsla sin framvekst ein reaksjon mot det venstreradikale programmet til den katolske frigjeringsteologien?

– Her er det store skilnader på utviklinga i for eksempel Mellom-Amerika, Brasil og Argentina. I Mellom-Amerika var pinsevekkinga under den kalde krigen meir påverka av amerikanske tele-evangelistar, misjonærar og USAs antikommunistiske ideologi enn ho har vore sørover i Latin-Amerika, seier Løland.

– I Guatemala kan nokon element i pinsevekkingas tidlege fase verke samanfallande med USAs interesser ideologisk sett, og frigjeringsteologien vart bevisst forfølgd av CIA og USAs støtteregime i regionen. Likevel er pinsevekkinga så stor, mangfoldig og driven av så mange ulike og ofte motstridande interesser i svært ulike samfunnslag og kontekstar, at det er vanskeleg å redusere ho til eit angrep på katolsk frigjeringsteologi. Frigjeringsteologien har vore ein viktigare fiende for visse politiske grupperingar, enn religiøse grupperingar, slår Løland fast.

Megakyrkjer og velstandsteologi

Det blir for lettvint å snakke om eit politisk skilje når det gjeld religion i Guatemala. Rettnok kom pinserørsla inn i landet med god drahjelp frå høgresida, medan sosialistiske katolikkar var deira trufaste motstandarar, men i dag har begge religionane tilhøyrarar frå alle mulige samfunnslag. Det er ikkje mulig å spore ei klar kopling mellom klasse og politisk orientering, men det er ikkje til å legge skjul på at pinsevenene har eit ekstra godt grep om dei øvre samfunnslaga.

– Ein kan seie at pinserørsla vart tilgjengeleg for den øvre middelklassen på eit tidleg tidspunkt i Guatemala. Landet er eit ekstraordinært tilfelle med tanke på kor sterk pinsekyrkja var i dei øvre samfunnslaga tidlig i vekkinga, fortel Gina Lende.

Dette er kanskje mest synleg ved etableringa av ei rekke megakyrkjer, som er eit relativt nytt fenomen både  i Guatemala og internasjonalt. Dette er enorme kyrkjesamfunn, som har budsjett på fleire millionar dollar i året, og som gjerne rommar over 10.000 besøkande på ein gong. Kyrkjene blir leidd av karismatiske pastorar, som ikkje er redde for å snakke om pengar: Om folk er sikre i trua, vil Herren gi dei løn for strevet.

– Det er ein skilnad på den klassiske pinsevekkinga og denne nye velstandssteologien, seier Lende.

– Desse pastorane frontar idear som er lett tilgjengelig for mange. «Korleis skal du ha det bra i livet ditt? kva er det som trengs? «Ein har eit sterkt økonomisk bodskap, der materiell framgang er i fokus.

– Om Rios Montt blir dømd for folkemord, vil dette ha ein effekt på pinserørsla sin posisjon i landet?

– Nei, eg trur ikkje det. Ikkje med mindre pastorane uttalar seg, og gjer eit poeng ut av det. Den katolske kyrkja har i mykje større grad enn pinsevenene nytta ein kritisk tone med tanke på borgarkrigen. Pinsevener snakkar veldig sjeldan om slike tema offentleg. Dei vier mykje tid til politikk, men ikkje på eit plan som tar for seg makt og strukturar.

På dette banneret som ble brukt i en demonstrasjon så langt tilbake som 2006 blir Montt sammenlignet med Adolf Hitler. Foto: Firetreo - Wikimedia Commons.

Montt blir sammenlikna med Adolf Hitler i ein demonstrasjon i 2006. Foto: Firetreo – Wikimedia Commons.

Tid for refleksjon?

Den bibelske retorikken til Efrain Rios Montt vart for mykje for enkelte. I 1983,  knappe 17 månadar inn i presidentembetet, vart han kuppa av sin eigen forsvarsminiser Óscar Meija Victores. Ministeren grunngav dette med at «religiøse fanatikarar» hadde fått for stor makt under Rios Montt. Meija Victores tillét ei gradvis tilbakevending til demokratisk styreform, og ein ny grunnlov vart teikna ikkje lenge etter.

Rios Montt har i seinare tid søkt seg tilbake til politikken. I 2003 gjennomførte han ein mislykka presidentkampanje for den Guatemalanske republikanske fronten (FRG), men fekk i 2007 ein plass i kongressen. I 2012 gjekk perioden hans mot slutten, og den gamle generalen var ikkje lengre verna av den juridiske immuniteten som kongressplassen gav han. Det er likevel høgst uvanleg at guatemalanske statsleiarar blir stilt for retten, og tiltalen for folkemord var ei stor overrasking for alle politiske leirar.

Den katolske kyrkja har i mykje større grad enn pinsevenene nytta ein kritisk tone med tanke på borgarkrigen.

10. mai i år vart Rios Montt dømd til 80 år i fengsel for folkemord og forbrytingar mot menneskeheita, men få dagar seinare vart dommen trekt tilbake. Advokaten hans hadde i ein kortare periode vore utvist frå rettslokalet grunna dårleg oppførsel, og den tiltalte sat igjen utan ein godkjent forsvarar. Saka skal bli tatt opp igjen, men mange tvilar likevel på at Rios Montt, framleis ein mektig mann med mange kontaktar, vil bli dømd enda ein gong.

Dette er spesielt vanskeleg for dei 90 ixil-mayaane, som vitna mot den tidlegare diktatoren under rettssaka. Med tanke på dei svært kjensleladde vitnesbyrda desse har levert, verkar det rart at Vincent Stanzione meiner at ein eventuell dom ikkje vil ha ein stor effekt på urbefolkninga. Om mange mayaar sjølve er pinsevener, vil det ikkje vere ekstra ille om mannen som av mange blir heldt for å etablere religionen i landet, blir dømt for folkemord på urbefolkninga?

– Dette kunne ha vore ei utmerka anledning for mayaane å granske seg sjølve, og sjå nærare på kor dei fekk pinsetrua si ifrå, svarar Stanzione som sjølv er initiert hos tz’utujil-stammen.

– Men eg tvilar på at dette vil skje. Eg trur ikkje mayaane er på eit punkt i historia deira, der eksistensiell refleksjon er øvst på agendaen. Fortida til mayaane er fylt med anger og sorg. Folk rapporterte kvarandre og såg andre døy i regi av anten militæret, eller geriljaen. Tatt for gitt at det er mulig, verkar det enklare å gravlegge fortida, for å kunne komme seg vidare, seier Stanzione.

Fakta om pinserørsla:

* Protestantismen kom til Guatemala tidleg på 1900-talet gjennom amerikanske misjonærar, men tok ikkje til å vekse for alvor før pinsevekkinga på 70-talet.
* Pinsereligion, eller pentekostalisme, er ein del av protestantismen, men skil seg ut ved ei sterk tru på at Kristi tilbakekomst er like rundt hjørnet. Ein ventar aktivt på at tusenårsriket skal komme. Tungetale og det å vere besett av den heilage ande er vanleg kost for enkelte meinigheiter, men framand for andre.
* Omtrent 40% av befolkninga i Guatemala er pinsevener eller protestantar, medan nærare 50 % er romersk-katolske. Berre omlag 1% praktiserer urreligion.

Lenkar: 

 , , , , , , , ,

Leave a Response