Aktuelt

Forsoning, song og Kafka

Erling Lorentzen      |      26/09/2012

Ein stemningsrapport fra yom kippur i Det mosaiske trossamfunn.

Religioner.no fikk ikke ta bilder under yom kippur. Dette bildet er tatt av Grzegorz Wysocki, Wikimedia Commons

 

Av Erling Lorentzen

Klokka kryp mot seks, og den siste delen av meinigheita hastar nedover Bergstien og inn i synagogen, akkurat i tid til høgtida. For min del eg står i utanfor i regnet og ventar på å bli sikkerheitsklarert. Vaktene ved inngangspartiet er på hels med dei fleste av dei besøkande, og eg får kjensla av at det er sjeldan at nye ansikt dukkar opp. Spesielt dei utan kjenningar innanfor. I dag gjeld dette meg og ein høg, dresskledd amerikanar som trippar utolmodig etter å få sleppe inn: «Eg er jøde og vil gjerne få med meg yom kippur her i Noreg». Da vakta snur ryggen til, tar han sjansen og smyg han seg inn uansett. Eg er ikkje like modig.

Strenge sikkerheitstiltak
«Så, du er journalist?» Ei av vaktene ber om å få sjå  i sekken min. Mens han går igjennom notatblokka mi, fell det ut ein bunke med ark eg har frå førelesingar på universitetet. Han rynkar på nasen da han oppdagar at eg har med meg ein kopi av ein delingsplan for grensene mellom Israel og Palestina anno 1947. «Eg håpar du ikkje har tenkt å skrive politikk?»

Mens eg ruslar innover mot salen, lurar eg på korleis eg skal få til å skrive noe i det heile tatt. Yom kippur er ein full sabbat. Altså ein kviledag. Og på ein sabbat skal ein etter ortodoks oppskrift ikkje gjere noe form for arbeid. Elektroniske apparat som bandopptakar og kamera er heilt utelukka. Eg får heller ikkje ta notatar så lenge eg er inne i synagogen. Eg stiller meg bakarst mot ein vegg og gjer meg klar til å absorbere så mye som mulig.

Bot og betring
Det første som møter meg, er song. Ein forsongar innleier heilagdagen med stemningsfull messesong som blir kalla kol nidre ( «alle løfte»). Dette er i korte trekk ei bøn om at alle løfte og lovnadar ein inngår med Gud i det kommande året, skal bli annullerte, – at ein ikkje blir halde til ansvar for det ein ikkje klarer å oppfylle, og at ein får lov til å starte det jødiske nyåret med blanke ark.

Dette er ein tonegivande start for yom kippur, som på hebraisk tyder forsoningsdagen.
Kol nidre innleier det som er ein 25 timar lang periode av faste, intensiv bøn der folk gjerne brukar storparten av dagen på å opphalde seg i synagogen. Forsoningsdagen blir avslutta med Ne’ila-tenesta den følgjande kvelden, ved at det blir blese i eit bukkehorn.

I tillegg til å vere den mest heilage dagen i året, har yom kippur ein enorm kulturell verdi for den jødiske fellesskapen, og synagogane trekker til seg mange som ikkje nødvendigvis følgjer dei andre heilagdagane. Det mosaiske trussamfunnet i Oslo er i alle høve fullsett, noe som eg får høyre berre skjer ein gong i året.

Om å knuse sitt sjølvbilde
«Korleis kan vi vite at tradisjonen er riktig? Korleis kan vi vite at det er dette Gud vil med oss?»
Slik innleier rabbinaren Joav Melchior den første gudstenesta. Han rettar på kjortelen, kremtar høglydt og fortsett med å referere ei av dei korte historiene til Franz Kafka, henta frå samlinga «Betrachtung». Denne historia fortel om ein forbipasserande som får auge på to personar som jagar kvarandre i natta. I staden for å prøve å gripe inn, irriterer den forbipasserande seg over at han er blanda inn i situasjonen, og blir letta når dei to er ute av syne.

Og slik er vi, seier Melchior. Vi vil verken ta stilling eller forstå det som skjer rundt oss. Under yom kippur vil vi berre bli tilgitt syndene våre og gå vidare. Men så lett er det ikkje, skal ein tru rabbinaren. For å verkeleg gjere ei forandring må ein ta eit fundamentalt oppgjer med seg sjølv. «Det er mulig dette høyrest ekstremt ut», fortsett Melchior. «Vi må knuse vårt sjølvbilde – slutte å tru at alt berre handlar om oss». For dette handlar om noe større; dette handlar om Gud, seier rabbinaren med karismatisk røst. «Og Gud er stor, medan vi er veldig, veldig små»


Forsamlinga

Under ortodokse gudstenester som denne sit ikkje menn og kvinner saman, og eg kan berre tidvis høyre kvinnestemmer delta i bøna frå balkongen over meg. Eg er omgitt av menn i alle aldrar. Dei aller fleste er iført tallit, kvite bønesjal med frynser i endane som ein slenger over skuldrene under morgonbøna eller ved heilagdagar. I starten føler eg meg som ein fisk utanfor vatn. Eg blir i mellomtida redda av ein smilande eldre mann som stikk ein kippa (jødisk hovudplagg) i handa mi: «Vi har på oss denne mens vi er her inne».

Etter Melchiors tale stemmer songarane i nok ein gong. Energien i lokalet er ikkje er fullt så konsentrert som før. Enkelte sit heilt i ro, noen svaiar rolig fram og tilbake mens dei repeterer delar av teksten høgt eller inni seg, andre nyttar sjansen til å slå av ein prat med gamle kjenningar og ler høgt seg i mellom. Små barn ruslar og går som dei vil. Etter ei stund fell lokalet tilbake i bøn, og det blir omtrent heilt stille. Dei skiftande stemningane mellom song, resitasjon og ro er med på å sette eit spesielt preg på kvelden.

Slik situasjonen er
«Ærleg talt  trur eg denne delen blir kjedeleg for deg» Vakta er tilbake med sekken min. Forsamlinga skal be for seg sjølv i omtrent ein times tid, og eg får beskjed om at det  ikkje gjenstår så mye for meg å observere. Eg kjenner mi besøkstid og blir med utanfor synagogen for å slå av ein prat. «Beklagar alt styret» seier min nye kamerat omsider. «Du kan sjå for deg korleis situasjonen er». Men eg er faktisk ikkje sikker på kva han meiner, –  eg veit ikkje om han siktar standardprosedyrar under yom kippur, eller om dette seier noe meir generelt om situasjonen til jødar i Noreg. Eg bestemmer meg for at dette får bli spørsmål til ein annan gong. Eg takkar for tilliten og ruslar heimover i natta, medan Det mosaiske trussamfunnet gjer opp for seg for det kommande året.

Fakta om yom kippur:
Yom kippur er tiande dagen av månaden tishrei, og avsluttar ein ti dagar lang botsperiode som byrjar med det jødiske nyåret rosh ha-shana.
-Dette vil si at heilagdagen anten kjem i løpet av september eller oktober etter den gregorianske kalenderen
-Alle frå tolv-trettenårsalderen av skal faste. Dette gjeld ikkje dei med dårleg helse.
-I Israel er alle ikkje-livsnødvendige arbeidsplassar stengt på yom kippur. Trafikken står stille, og det er ikkje tv- eller radiosengingar.

 

Lenker:
Det mosaiske trossamfund
Om yom kippur i Store norske leksikon
Om kol nidre i Jewish Encyclopedia

 

Responses

  1. Overraskende nyttårshilsen fra Irans president. | says:

    september 5th, 2013 at 17:52 (#)

    […] Forsoning, song og Kafka.  […]

  2. Nå kan du høre Religioner.no. | says:

    juli 18th, 2014 at 17:06 (#)

    […] Forsoning, sang og Kafka […]

Leave a Response