Aktuelt

Jakta på evig liv – i ferd med å lykkast?

Erling Lorentzen      |      02/10/2012

Er det mulig å omgå alderdomen gjennom å separere bevisstheita frå kroppen?

Av Erling Lorentzen

Kanskje blir det i framtida ikkje nødvendig å gå vegen om døden for å få evig liv? Dette glasmaleriet av Emanuel Vigeland frå Oslo domkyrkje viser dei døde som reiser seg frå gravane “for å høyre hans røyst” (Joh 5:28)

Tidlegare i år kom nyheitene om at den russiske millionæren og mediamogulen Dimitri Itskov har sett saman eit team av forskarar som skal jobbe intensivt med studere udødelegheit. Prosjektet som blir kalla 2045-initiativet har som mål å innan tretti år utvikle ein teknologi som skal gjere oss i stand til å overføre bevisstheita til menneske til ein «avatar» eller ein konstruert kropp. I følgje Itskov vil menneske på lengre sikt slik «bli ein ny rase».

Er det mulig å gjere mennesket udødeleg? Kva skal til, og kva vil dette i så fall gjere med oss som sivilisasjon? Religioner.no har møtt ein evolusjonsbiolog, ein forfattar og ein transhumanist for å diskutere desse spørsmåla. Men først av alt – kva er det som gjer at vi ikkje alt er udødelege?

Jens Andreas Huseby – privat foto.

 Korfor vi blir gamle å døyr

– Det å leve har ein kostnad, så kroppen må heile tida fornye seg. Du er kanskje ikkje det same menneske i dag som for noen år sidan; alle cellene blir bytta ut.

Jens Andreas Huseby er utdanna som åtferdsbiolog, jobbar som forretningsutviklar i Connect Østlandet, og er forfattar av Sosiobiologibloggen

– Vi har intensive utskiftingsprogram. For eksempel blir cellene i tarmane våre byta ut kvar dag, og tennene blir byta ein og ein halv gang i løpet av liva våre! Kroppen bruker masse krefter på å halde seg i live, men når vi kjem i 35-årsalderen sluttar han å bruke like mye tid og ressursar på det. Det er her alderdomen setter inn.

På ein eller annan stad i prosessen er det ei «cost-benefit-vurdering»

Medan eit tre potensielt kan fornye seg sjølv i det uendelege, seier Huseby at vi ikkje har noe fullgod forklaring på korfor menneskekroppen tilsynelatande har ein førehandsprogrammert alderdom. Han seier mange tyr til ein forklaringsmodell som går ut på at DNAet vårt har noen begrensingar

– I enden av DNAet vårt ligg det masse kode som ikkje har ein funksjon. Og kvar gong cella kopierer seg sjølv, mister du endestykka. Etter eit visst tal kopiar, kjem ein inn på den delen der DNAet faktisk er aktivt og dette sett ei grense for kor lenge ein kan leve. Etter ein del gonger vil ikkje cella kunne kopierast meir utan å bli øydelagt.

– Men for ein evolusjonsbiolog er dette ei lite tilfredsstillande forklaring, fortsett Huseby.

– For korfor er ikkje DNA-endestykka lengre? Korfor er dei akkurat så lange som dei er? På ein eller annan stad i prosessen er det ei «cost-benefit-vurdering» som gjer at det for vår del er ved 35 at alderdomen slår inn.

Og skal vi tru Huseby, er vi  på dette punktet fritt vilt for ei rekke sjukdomar, som kroppen ikkje lengre klarer å forsvare seg mot i like stor grad som før. Ikkje berre får vi infeksjonar pga. nedsett imunforsvar, men vi blir ramma av mange arvelege, genetiske sjukdomar. Sidan symptoma på dei genetiske sjukdomane gjerne ikkje viser seg før vi er over reproduktiv alder, blir desse dårlege genane «usynlege» for den naturlege seleksjonen, og vi fører dei vidare til våre barn, forklarar Huseby.

– Dei som døyr av alderdom døyr ikkje berre av ein ting; dei døyr heller av ein multisystemkollaps. Når først eit system sviktar, er det ikkje så stor vits for kroppen å putte masse krefter inn i resten av systema

Kanskje er vi ein av dei siste generasjonane som vil måtte gå gjennom ein alderdom

Å leve i 693 år

Ville det vere mulig å unngå aldringsprosessen?

– Det forskast mye på dette med alderdomsforhindring, og dei som driv med dette er veldig optimistiske, seier Jens Huseby. Han trur at det teknisk sett ikkje ville vere umulig å forlenge levealderen vår dramatisk.

– Kanskje er vi ein av dei siste generasjonane som vil måtte gå gjennom ein alderdom!

Alderdom eller ikkje, så betyr ikkje dette nødvendigvis at vi blir udødelege. Huseby refererer til evolusjonsmedisinaren Randolf Nesse, som har rekna ut at om ein kunne unngå aldringsprosessen, ville ein amerikanar i gjennomsnitt leve i 693 år.

– Da har han sett på raten over ytre hendingar som gjer at folk døyr. Viss vi ikkje hadde hatt alderdom, ville fortsatt noen ha døydd. For eksempel på grunn av at vi fekk ein stein i hovudet, at vi vart overkjørt av ein bil, eller drepen.

Mennesket som eit uferdig byggjeprosjekt 

Aron Vallinder. Foto: Timmit Lux

Om kroppane våre ikkje er laga for å vere udødelege, kva er da det neste logiske steget for dei som gjerne vil leve evig?

I 1998 grunnla Niklas Boström og David Pearce Den transhumanistiske foreininga, i dag kjend som Humanity +. I korte trekk er transhumanismen ei intellektuell rørsle som kjempar for ei bioteknologisk utvikling som kan revolusjonere mennesket i  fysisk og mental forstand. Ikkje fjernt frå Dimitri Itskovs 2045-initiativ, vil dette mellom anna innebere ei eliminering av alderdomen gjennom å la sinnet vårt eksistere i nye former eller kroppar.

liva våre kan bli betydeleg betre enn det dei er no

I den transhumanistiske erklæringa kan vi lese at organisasjonen ser for seg  «….moglegheita til å utvide det menneskeleg potensialet ved å overvinne aldring, kognitive svakheitar, ufrivillig liding, og vår begrensing til eit liv på planeten Jorda»

– Eg trur liva våre kan bli betydeleg betre enn det dei er no.

Dette seier Aaron Vallinder. Han er filosofistudent ved Universitetet i Oxford, og grunnleggjaren av den svenske greina av den transhumanistiske foreininga, Människa +

– Vi kan bli lykkelegare, smartare og nyte tilværet meir enn kva vi gjer i dag. Dessutan trur eg vi må foreta ein del forandringar som er nødvendige for at menneskeheita skal kunne overleve på lengre sikt.

Vallinder seier han slutta seg til den transhumanistiske rørsla etter å ha møtt grunnleggjarane Boström og Pearce da han budde i Brighton.

– Transhumanismen ser mennesket som eit “work-in-progress”. Tanken [er] at det i overskueleg framtid vil oppstå teknologi som radikalt kan forandre kva det inneberer å vere menneske, og at i allefall noen av desse forandringane vil kunne vere veldig bra for oss.

Eirik Newth. Foto: Jon Michael

Går vi mot ein ny menneskerase?

Vi har møtt forfattaren og framtidsvisjonæren Eirik Newth for å få hans perspektiv på korleis vi vil utvikle oss som art. Newth, som er utdanna astrofysikar, ser for seg to ulike scenario for ei mogleg utvikling av menneskekroppen.

– Den eine løysinga er å lage biologiske erstatningar. Altså å det å «skrive ut» tredimensjonale organ. Det andre er å lage ein mekanisk variant av desse. Ingen av dei teknologiane er ferdig utvikla enno, men eg trur at biologien på sikt har størst muligheit for å vinne –  Det er grunnleggande problematisk å erstatte organisk materiale med uorganisk materiale, fortsett Newth. – Men om du fekk «skrive» ut ei arm av dine eigne celler, ville transplantasjonen vere mye greiare. På sikt trur eg meir på dette enn på mekaniske armar.

Men dette høyrer enno framtida til seier Newth, som meiner at tidsperspektiva til transhumanistane er veldig korte.

– Gjennom det transhumanistar som Hans Moravec skriv, får ein inntrykk av at etterkvart som teknologien går raskare og raskare vil det komme eit punkt [i historia] som er uendeleg trongt, og når vi er igjennom så er verda heilt forskjellig. Da er vi alle teknologiske vesen og lever evig.

– Faktum er at vi er langt unna dei visjonane som var for berre 20-30 år sidan, om kor mye kontroll vi kunne ha over arvestoffet vårt. Det er mye meir komplisert enn kva vi trudde.

(…) vi skjønner ikkje hjernen

Kunstig intelligens og kloning

Kan ein tenke seg at det ville vere mulig å overføre bevisstheita til ein type avatar, eller alternativ kropp som Dimitri Itskov foreslår?

– Altså, vi skjønner ikkje hjernen, seier Eirik Newth. Vi forstår noen samanhengar, men vi skjønner ikkje totalen. Det er enno ingen som kan gi ein god definisjon på bevisstheit, personlegheit eller kjensle av eksistens. Det finst masse teoriar, og alle som ein er like ulne.

Newth seier at når det gjeld hjernen, står vi overfor ein kompleksitet som er så stor at vi må spørje oss sjølve om vi i det heile kan takle han.

– Dette er eit grunnleggande filosofisk problem: Kan eigentleg hjernen få full oversikt over seg sjølv? Eg trur Itskov er langt unna, da vi enno ikkje skjønner bevisstheita, seier Newth.

– Ein forutsett at ein kan kopiere sjølve tilstanden til dei elektrokjemiske felta som er det vi kallar bevisstheita. Om ein kan klare å lese av dette så blir det neste spørsmålet om denne kopien verkeleg vil vere meg? Opplevinga av eksistens, kjensla av at du er deg –  følger denne med? Eg seier nei.

Newth drar ein parallell til filosofiske problemstillingar rundt fenomenet teleportasjon.

–  I teorien er det ingenting i vegen for at ein kunne lese av posisjonen til kvart einaste atom, elektron og kvart einaste energinivå i heile kroppen. Men for å skanne kroppen må han oppløysast og sendast ut som informasjon slik at du skal komme ut på den andre sida. Personen som kjem ut på den andre sida er ikkje til å skilje frå deg. Han har alle minna og er sikkert på at han er deg, men han er ein kopi.  Eg insisterer på at du er drepen.

Ales_golem

Blant jødiske samfunn i Sentral-Europa kunne man finne forestillingen om golem, en kunstig skapning laget av livløs materie. Kanskje kan man se på den som en mytisk forløper til den kunstige kroppen Itskov ser for seg vil romme bevisstheten hans. Illustrasjon – Wikimedia Commons.

Hjernen er aleine

Newth meiner visjonen om eit posthumant samfunn ofte legg alt for stor vekt på hjernen som eit einskild organ.

– Kroppen er der jo. Det er ein kropp rundt hjernen som kommuniserer med han og lever saman med han. Om vi kan fjerne hjernen frå kroppen vår, kva vil skje med oss da? Eg tenker på seksualitet og alle mulige sanseinntrykk. Ei maskin er jo aseksuell.

Elles meiner Newth at transhumanismen representerer ein heller kjølig visjon av framtida.

– Eg har ikkje lyst til å leve ein plass der det ikkje finst katter, ler Newth. – Eller fuglar eller insekt for den del. Har den transhumanistiske verda fluer? Denne framtidsverda høyrest for meg ut som ein kul versjon av nettet, der du kan reise over alt og vere på alle plassar samtidig. Det er masse kult på nettet, men det er ein informasjonsrikdom i den atomære verda her ute som langt overgår noe vi finn ved hjelp av ei datamaskin, seier Newth mens han peikar mot sola som skin utafor kafévindauget vårt.

Korleis ville ei framtid utan alderdom vere?

Eirik Newth, som Jens Huseby, trur ikkje det er utelukka at ein i framtida vil kunne få menneske som lever i fleire tusen år.

– Spørsmålet er heller korleis dette samfunnet ville vere, seier Newth. – Dei eldre ville ha enormt mye makt. Dette er problematisk fordi samansettinga av befolkninga betyr veldig mye for korleis eit samfunn utviklar seg. Eit samfunn si innovasjonsevne er heilt avhengig av ei stor ung befolkning. Vi treng dei unge forskarane som er rebellar og som tør å ta sjansar.

Transhumanisten Aron Vallinder går med på at ei radikalt forlenga levetid ville innebere store utfordringar.

– Men heldigvis eldas vi berre eitt år om året, som gjer oss i stand til å førebu oss.

Vallinder, som legg vekt på dei humanistiske sidene ved den transhumanistiske rørsla, meiner det er viktig å ikkje stoppe ei utvikling som kan komme oss til gode seinare.

– Overbefolkning vil sannsynligvis bli eit problem på eit eller anna punkt, til og med om vi etterkvart byrjar å befolke andre planetar. Her er mitt syn at det hadde vore veldig forhasta å takke nei til ein teknologi som kan vere til nytte for alle menneske, på grunn av eventuelle framtidige problem. I mange av desse spørsmåla, er det tydeleg at vi lid av ein tendens til å halde fast ved status quo

Der Eirik Newth er svært opptatt av potensialet til teknologien som mulig kan gi oss tilnærma evig liv, er han mindre begeistra over tanken på å sjølv vare i det uendelege.

– Det er enkel økonomi. Har du ubegrensa tilgang på noe, så synk det i verdi. Det er som Monty Pythons Erik Idle poengterer når han syng  «It’s christmas in heaven everyday!» Ville du ikkje bli galen? Noen seier at i dette framtidssamfunnet ville alt uansett vere så fantastisk at vi ikkje kunne kjede oss. Men eg meiner evna til å kjede seg er noe av det som driv verda framover. Det å seie «Nei æsj, dette var boring, her må eg forandre på noe». Utan dette instinktet ville vi ikkje lenger vere menneske.

frykta for å døy er koda inn i oss

Jens Andreas Huseby meiner på si side at søken etter evig liv er noe ganske naturleg; i allefall i eit evolusjonsbiologisk perspektiv.

– Å leve evig er ein forlokkande tanke. Sjølve frykta for å døy er koda inn i oss. Det er det eit av dei første instinkta seleksjonen vil fremje. Det finst ingen grunn til at seleksjonen skulle gi oss tankar om at det er greit å døy. I beste fall kan ein trøste seg med at ein har mange barnebarn, at ein har levd livet og at det no er noen andre sin tur. Det at menneske legg   maksimalt av resursar i det å leve så lenge som mulig, det er heilt logisk.

Vil framtida vere eit utopisk cyberspace-samfunn der alle er kyborgliknande overvesen, eller vil planeten vår vere eit overbefolka fengsel styrt av eit rigid eldrevelde?

Ein treng ikkje tru på lovnadar om evig liv for å vedgå at den kommande teknologien vil fortsette å forandre oss, og kanskje i gryande grad korleis vi ser ut. Mange av oss er allereie utstyrt med protesar, pacemakerar, og implantasjonar. Kva skjer når Microsoft og Apple oppdagar den potensielle marknadsplassen som er sjølve kroppane våre? Når teknologien utviklar seg vidare, kven veit kva neste steg vil vere. For å sleppe å avslutte med  klisjear som «berre framtida vil vise», lar vi heller Eirik Newth få det siste ordet:

– Uansett kva som skjer, har eg ikkje noe tru på den kliniske, reine visjonen av framtida. Eg ser for meg framtida  meir som ein basar. Med kjøpmenn, skurkar, skrot og skit. Det vil vere ei verd, på same måte som vi lever i ei verd i dag, med alt kaos og all usikkerheit som vi menneska bringer med oss.

Religioner.no lenkar:

Lenkar:

 

 , , , , ,