Aktuelt

Koranen – ei kjelde til kunnskap, eller eit hinder for vitskapen?

religioner      |      10/04/2012

Både vitskap og religion har som mål å forklare verda rundt oss. Utfordrar moderne vitskap dei evige sanningane i Koranen? Korleis skal vitskapsfolk halde seg til skrifta, og kva seier Koranen sjølv om kunnskap? Religioner.no har tatt ein prat med to forskarar som har mye å seie om emnet. 

Av Erling Lorentzen

 

Koranen - eit hinder eller ei kjelde til kunnskap?

Koranen – eit hinder eller ei kjelde til kunnskap? Foto: Sandstein – Wikimedia Commons.

– Når ein snakkar om synet på kunnskap innafor islamsk tradisjon blir det ofte vist til at den aller første openberringa profeten Muhammad fekk var ”Les!”

Nora  S. Eggen er arabiskfilolog, forfattar og har ein doktorgrad i islamstudier. Ho er sjølv konvertitt til islam og legg vekt på at søken etter kunnskap er eit sentralt moment i Koranen.

– Frå  første augeblikk blir altså tydinga av lærdom og læring slått fast. Korantekstens oppfordringar til å observere, undersøke og lære frå skaparverket si ordning er utallige. I teksten førekjem ofte oppfordringar til intellektuell verksemd med verb relatert til intellektet (‘aql), tenking (fikr) og refleksjon (tadabbur).

(…) det vart klart for alle at evna til å dominere i stor grad hang saman med å vere vitskapeleg overlegen

Islams gullalder
Når ein først er inne på emnet islam og kunnskap er det vanskeleg å unngå å nemne ei tid da religionen i prinsippet var synonymt med vitskapelege framsteg. Mellom det niande og det tolvte hundreåret var verda vitne til at ein kunnskapsrevolusjon tok plass i Midtausten i regi av ‘Abassidekalifatet som styrte det islamske riket frå Baghdad. Nye teoriar vart lanserte innafor naturvitskapane, matematikk, medisin, astronomi og ei rekke andre felt. Frå denne tida har vi mellom anna omgrep som algebra, alkali og algoritme.

– På individuelle nivå er det godt mulig at dei koranske pålegga til å søke kunnskap kan ha vore ei medverkande årsak til denne store interessa for å beskrive og analysere naturen.

Det seier Nora Eggen, men ho er rask med å minne oss på om at dyrkinga av kunnskap i første omgang var eit resultat av dei verdslege behova til eit ekspanderande rike

–  Det islamske pålegget om å spreie religionen og om å utgjere et rettferdig leiarskap for eit stadig større område, gjorde at ein utvikla ein kulturelt framståande sivilisasjon. Ein måtte ikkje bare herske, men beherske. Mange vitskapelege framskritt var også drive fram av praktiske behov. Stor utferdstrong førte med seg behov for navigeringsutstyr, for å nemne eit eksempel.

Abbas ibn Firnas flyr på Teknisk Museum. Foto. Ida-Therese Johannessen

Eit produkt av den islamske gullaldaren. Abbas ibn Firnas flyr på Teknisk Museum. Foto. Ida-Therese Johannessen

Vitskap i Koranen
Ideen om at Koranen oppfordrar til ein søken etter kunnskap, både i den  indre og ytre verda, er verken ein ny eller kontroversiell tanke i islam. Men kva skjer når ein ventar å finne konkret vitskap i sjølve skrifta? Skal vi tru den amerikansk-pakistanske vitskapsmannen Salman Hameed er nemleg dette eit gryande problem i den muslimske verda i dag.

– Dette er eit fenomen som i hovudsak er ein reaksjon mot dominansen av dei europeiske maktene i det nittande og tjuande hundreåret, der det vart klart for alle at evna til å dominere i stor grad hang saman med å vere vitskapeleg overlegen.

Salman Hameed – Foto: Hampshire College

Salman Hameed har ein doktorgrad i astronomi, jobbar som professor på Hampshire College i statane og er ein aktiv samfunnsdebattant når det gjeld spørsmål om islam og evolusjon.

– Det finst ein trend for å «vitskapeleg bevise» religionar. For muslimar har denne trenden gjort at ein har fått eit rammeverk for å adoptere vitskap frå Europa, medan ein held fast på at islam er ein moderne og vitskapeleg religion.

Og i følgje Hameed blir denne trenden krystallisert i ein massiv interesse rundt det som blir kalla i’ajaz –det å leite etter vitskap i Koranen i form av mirakel

– I Pakistan dukkar dette opp i skolebøker. For eksempel finn ein referansar i biologibøker for tolvteklassingar som siterar Koranen. Her er ikkje tanken at Koranen skal erstatte vitskapen, men å vise at Koranen allereie har sagt det [som vitskapen i ettertid har bevist]. Problemet er at verken strategien eller validiteten til slike påstandar eigentleg blir utfordra.

Ein kvelande effekt
Hameed seier at vi finn denne typen kvasivitskap i alle kulturar og religionar, men at omfanget av dette i hans heimland Pakistan, er med på å kvele framveksten av legitime vitskapelege miljø

– Mange i maktas korridorar syslar med i’ajaz og promoterer fenomenet. Når alt kjem til alt er dette politisk sett ei vinnande sak i eit samfunn som verdsett religion så djupt. I eit slikt miljø er det lett å sjå korleis noen av dei mest lovande vitskapelege sinna kanskje ender opp med å drive med i’ajaz istaden for å vere interessert i å sette seg inn i saker som atom, galaksar, eller fordøyingssystemet til valar for eksempel.

Eit tolkingsspørsmål
Nora Eggen er einig i at den vitskapeleg lesinga av Koranen er problematisk:

Nora S. Eggen. Foto: IKOS, UiO

Nora S. Eggen. Foto: IKOS, UiO

– Rettnok kan kunnskap om naturfenomen vere med på å bidra til ei forståing av Koranen, men når det «koranske mirakelet” blir knyta til moderne vitskapelege teoriar er det problematisk både for vitskapen og ikkje minst for Koranen.

Eggen siterer ein anekdote frå den populære egyptiske korantolkaren al-Sharawi:

– Da astronomane oppdaga den sjuande planeten skal desse begeistra ha samanført dette med Koranens sju himlar. Men ikkje før hadde festlegheitene lagt seg, før ein åttande vart oppdaga.

Eggen meiner slike forsøk på «redde» Koranen i eit vitskapeleg perspektiv, som regel berre ender opp med å verke reduserande for han.

– På den andre sida er det legitimt å bruke all den innsikt ein måtte ha frå ulike felt for å forstå koranteksten, seier Eggen. – Det er også legitimt å bruke innsikt frå Koranen for å forstå verda. Det heile blir et spørsmål om kva nivå og måte ein les teksten på

Ulike sfærar
«
Vitskap søker svar om korleis universet fungerer, og religion gir inspirasjon til å utforske den naturlege verda»

Dette er orda til den avdøde evolusjonsbiologen Steven J. Gould, som Salman Hameed siterer på bloggen sin. Modellen til Gould, som han kalla «the non-overlapping Magisteria», hevdar at religion og vitskap er to likeverdige, men vidt forskjellige størringar som vender seg til ulike aspekt av livet, og derfor ikkje er i konflikt med kvarandre.

Det høyrest ut som ein god idé, men etter sjølv å ha budd i Midtausten i ein lengre periode veit eg at dette er ein fjern tanke for mange. Er det å forstå islam ut i frå ein «vestleg, sekulær» kontekst, den einaste måten å gjere religionen kompatibel med moderne forsking?

– Dette er eit vanskelig spørsmål, seier Hameed.

–  Eg trur ikkje Goulds modell har alle svara, men eg ser ikkje korfor han skulle vere mindre gjeldande i Midtausten enn andre plassar.  For eksempel; eit studie av termodynamikklovene eller måten ei eske sklir på ombord i eit skrånande fly, seier lite om korvidt folk burde vere snille mot naboen, eller gi almisser til dei fattige. Der religion og vitskap som regel kjem på kollisjonskurs, seier Hameed, er rundt spørsmål om opphav.

Dei vanskelege spørsmåla
Og i følgje Salman Hameed er ikkje spørsmål som opphav, evolusjon og biologi i seg sjølv meir problematiske med tanke på Koranen, enn andre vitskapelege problemstillingar. Desse verkar kontroversielle og splittande på grunn av den politiske drakta dei ofte blir tileigna, ikkje nødvendigvis på grunn av innhaldet.

Er Koranen ei  kjelde til kunnskap eller eit hinder for vitskapen? Skal ein tru Nora Eggen og Salman Hameed blir dette først og fremst eit spørsmål om kva ein forventar i finne i han, og kva for måte ein les han på.

Kva er i’ajaz?

Nora S. Eggen forklarer i’ajaz slik:
– I’ajaz tar for seg Koranens mirakuløse natur
– I tradisjonell islamsk koranvitskap handlar dette først og fremst om Koranens uttrykk og språk
– Dette blir gjerne knyta til at Koranen kjem med eit utfordring (tahaddi) til lesaren, om å produsere ein tilsvarande tekst
– Å forstå i’ajaz som «vitskapelege sanningar», er eit moderne fenomen.

Religioner.no-lenker: 

 , , , ,

Responses

  1. AIDS-kur funnet i en hadith | Religioner.no says:

    oktober 5th, 2012 at 10:18 (#)

    […] Koranen – ei kjelde til kunnskap? […]

  2. Hvorfor er de så sinte? | Religioner.no says:

    februar 25th, 2013 at 09:48 (#)

    […] Islam- ein kunnskapsreligion? […]

  3. Islamsk innovasjon på Teknisk museum | Religioner.no says:

    juni 26th, 2013 at 13:26 (#)

    […] Koranen – kjelde til kunnskap eller eit hinder for vitskapen? […]

  4. Hijab er mitt valg og min rett | Religioner.no says:

    juli 25th, 2013 at 09:33 (#)

    […] Koranen- ei kjelde til kunnskap eller eit hinder mot vitenskapen? […]

  5. Ny norsk nettutgave av Koranen | says:

    november 1st, 2015 at 15:14 (#)

    […] Koranen – ei kjelde til kunnskap eller eit hinder for vitskapen? […]

Leave a Response