Bokanmeldelse

Kven blir ein sjølvmordsbombar?

Erling Lorentzen      |      29/04/2013

Kva er det som gjer at noen ikkje ser anna utveg enn å ikle seg  bombebelte for å sprenge seg sjølv og andre i lufta? I «The Making of a Human Bomb» har forfattar  Nasser Abufarha prøvd å kome under huda på sjølvmordsbombarar i Palestina, og  han hevdar verken religion eller politikk har skulda.

themakingofahumanbomb

Av Erling Lorentzen

The Making of a Human Bomb: An Ethnography of Palestinian Resistance

Nasser Abufarha
Paperback : 277 sider, Duke University Press, Durham and London (2009) 

I The Making of a Human Bomb: An Ethnography of Palestinian Resistance sett Nasser Abufarha søkelyset på sjølvmordsbombarar i Palestina. Verket er basert på eit omfattande feltarbeid frå Vestbredden, og spesielt frå forfattarens heimby, Jenin. Her har han intervjua personar frå ulike militante fraksjonar i den palestinske motstandsrørsla som organiserer sjølvmordsaksjonar. Vidare har han snakka med familiane til noen av dei som har delteke i slike operasjonar, og undersøkt korleis desse martyrane blir framstilt i lokale dikt, songar og andre kulturelle uttrykk.

Sjølvofraren.

Abufarha gir oss det nødvendige historiske bakteppet til å forstå utviklinga av eit sjølvofringsideal han meiner pregar den palestinske motstandskampen. Han byrjar i 1968 ved det skjebnesvangre slaget ved al-Karameh; ein flyktningleir i Jordan. Under eit israelsk raid på nemnte leir, klarte PLO, med hjelp frå den jordanske hæren, å drive dei israelske styrkane på flukt. Arabisk media kunne rapportere om fryktlause palestinske geriljakrigarar som sprang mot dei israelske stridsvognene, klare til å ofre seg sjølve. PLO lei langt større tap enn IDF ved al-Karameh, men dei heroiske handlingane sette ein kulturell prosess ut i live: Den ikoniske al-fidāʼi («han som ofrar seg sjølv») vart symbolet for all framtidig palestinsk motstand, der offeret i seg sjølv blir sett på om ein siger. Forfattaren hevdar at utan å forstå tydinga av «The sacrifice» i palestinsk kultur, vil det heller ikkje vere mulig å forstå seg på sjølvmordsbombarane.

Dei går ikkje i døden på grunn av hat for fienden, seier Abufarha. Dei dør for å leve.

Eit sjelsettande møte med okkupasjonsmakta.

Mens ein fidāʼi gjerne døydde som eit biprodukt av hans handlingar, er ein istishhādī ein som aktivt søker å gå i døden og bli gjort til martyr (shahīd). Det vi kjenner som sjølvmordsaksjonar i vesten, blir såleis kalla ʻamaliyāt istishhādīyya på arabisk – altså martyroperasjonar. Det var Hamas som lanserte dette omgrepet da dei først tok til å utføre slike aksjonar i 1994. Til trass for dei tydelege religiøse og politiske programma til ein organisasjon som Hamas, behandlar Abufarha martyroperasjonane verken som religiøs fanatisme eller eit verktøy for å oppnå politiske mål. Han hevdar bombingane først og fremst er ein form for mimisk vald; altså eit ønskje om å la det israelske sivilsamfunnet oppleve den same terroren og uvissa palestinarane sjølv føler under okkupasjonen. Medan operasjonane i utgangspunktet hadde lite lokal støtte hos den palestinske befolkninga, skulle dette endre seg dramatisk ved utbrotet av den andre intifadaen i 2000. Med kollapsen av fredssamtalane, og eit ekspanderande militært nærvær frå israelsk side, står sivile palestinarar plutseleg i kø hos dei militante fraksjonane med eitt ønskje: Det å kunne døy som ein istishhādī.

Går i døden for å leve.

Kven blir ein sjølvmordsbombar? I boka blir vi kjend med historiene til tre personar som har utført slike oppdrag. Dei har ikkje sterkt tilhøyre til ei bestemt rørsle eller eit parti, dei er kvinner og menn, unge og uerfarne så vel som modne og etablerte, og dei er frå relativt ressurssterke familiar. Det dei har til felles er deira erfaringar i møte med den israelske okkupasjonsmakta. Forfattaren seier at konstante trugsmål om vald, øydelegging av eigedom, mangel på rørslefridom og innestenging, er så vanleg at det definerer palestinarane si forståing av omverda. Ved å ikle seg bombebelte og trenge seg inn i det israelske samfunnet, opplever desse personane å kunne overstige umulige grenser, å oppheve utenkelege barrierar, og slik søke eit liv i døden som dei rådande forholda ikkje tillet. Dei går ikkje i døden på grunn av hat for fienden, seier Abufarha. Dei dør for å leve.

Ein verdig utveg?

Og lever vidare gjer dei i allefall i populærkulturen. Namna deira blir spraya på veggar, pamflettar med bildane deira blir spreidd til alle kantar, og videoar av deira før-operasjons-talar er i vid sirkulasjon. Det blir dikta og sunge mye om martyrane som gav sitt liv for Palestina. Slik viser Abufarha korleis dei kulturelle ideala om sjølvofraren legg til rette for ein verdig utveg for dei som av rein desperasjon ikkje lengre taklar dei fysiske omstenda.

I enkelte passasjar er bruken av antropologisk internsjargong gjort så overdådig, at språket kneblar teksten meir enn å løfte han.

Kultur, ikkje religion.

Fokuset på dei kulturelle aspekta ved vald, er noe av det som skil boka frå andre verk med liknande tema. Mens Abufarha argumenterer godt for korfor vi treng slike analyser, brukar han vel mye plass på å kritisere forskarar som har gjort andre metodologiske val. Robert Pape med sitt studie av sjølvmordsterrorisme, Dying to Win (2005),  er ein av dei som får gjennomgå. Med tanke på at Pape med sitt komparative omfang, tar for seg eit ganske anna prosjekt enn Abufarha, verkar den harde kritikken malplassert, og nesten arrogant. Ein kan dessutan lure på om Abufarha sjølv ikkje burde ha vidd større plass til andre fortolkingsrammer utanom den kulturelle. Dette særleg når forfattarens informantar gjerne omtalar martyroperasjonane som ei religiøs plikt.

Overdådig bruk av sjargong.

Det einaste som verkeleg irriterer, er fagsjargongen som pregar delar av boka. I enkelte passasjar er bruken av antropologisk internsjargong gjort så overdådig, at språket kneblar teksten meir enn å løfte han. Spesielt i konklusjonskapittelet vandrar Abufarha i grenseland mellom sunn pedagogikk, og det som liknar rein akademisk posering. Denne delen er både så tung og repetitiv at ein må spørje seg om boka ikkje ville ha gjort seg betre utan.

Ei klønete avslutning kjem likevel ikkje i vegen for at dette er eit svært interessant og godt verk. Vi får verdifull innsikt i korleis martyroperasjonane fungerer teknisk, samtidig som vi kjem tett innpå personane som deltek i dei. Dette er grep som gjer boka like engasjerande som ho er lærerik, og forhåpentlegvis kan slike studiar vere eit ledd i å førebygge vald på lengre sikt. Kort sagt er dette obligatorisk lesing for alle som interesserer seg for både for Palestina- og valdsstudiar. Det til tider vanskelege språket gjer likevel at boka blir mindre tilgjengeleg for den uinnvigde lesaren.

Kjelder:

Pape, Robert. A. 2005. Dying to Win : The Strategic Logic of Suicide Terrorism. New York : Random House

 

 , , ,