Aktuelt

Lobbyverksemd for Gud og familien

erling_lorentzen      |      11/04/2013

Amerikanske evangelistar driv intens lobbyverksemd i FN. For å få gjennomslag for konservative verdiar inngår dei noen uventa alliansar

Av Erling Lorentzen.

Flag_of_UNICEF.svg

UNICEF-flagget. Wikimedia Commons.

Norad har nettopp lansert ein studie av religiøse grupper som driv lobbyverksemd i FN-systemet. Til trass for at fleire av desse organisasjonane er i mot overnasjonale organ som FN, dannar dei no alliansar på tvers av landegrenser og religion, for å prøve kjernesakene sine på den internasjonale arenaen. Kva er bakgrunnen til denne utviklinga?

Religioner.no har tatt ein prat med ein av forskarane bak rapporten, og har i tillegg snakka med sentrale aktørar i det kristen-konservative Noreg, for å sjå nærare på den religiøse mobiliseringa som blir gjort her til lands.

Frå feministar til evangelistar

– Alt handlar om «den tradisjonelle familien». Ein kjempar for å bevare ekteskapet i si tradisjonelle form. Vidare er kvinners reproduktive rettar stadig eit omstridt tema, og ein er veldig opptatt av saker som har med abort og prevensjon å gjere.

Ingrid Vik er tilsett som forskar hos Scanteam, og har leidd teamet som utarbeida den ferske rapporten med namn «Lobbying for Faith and Family: A Study of Religious NGOs at the United Nations». Denne var bestilt av Norad.

Vik seier at tradisjonelt har det vore progressive rørsler og feministar som har dominert FN-lobbyen i saker som tar for seg kvinners seksuelle og reproduktive rettar; no er det konservative religiøse lobbyistar som har tatt over denne rolla.

– Dette heng saman med den religio-politiske utviklinga ein har hatt i USA, der det nye kristne høgre verkeleg kom på banen på 80-90-talet. Og med valet av George Bush som president i 2000, fekk dei sin mann i Det kvite hus, seier Vik.

– Bush var svært effektiv med å skifte ut sentrale posisjonar og med å få inn sine folk for å styrke familiepolitikken. Slik gjekk politikken i dei verdikonservative sitt favør ganske lenge. Organisasjonsutviklinga på den kristne høgresida hadde ein veldig sterk vekst gjennom 90-talet og fram til Obama, og dei er framleis sterke.

Upassande oppførsel

Det er mange religiøse grupper som opererer i FN-systemet, og mellom anna er den katolske kyrkja godt representert. Det er likevel dei amerikanske evangelistane som stikk seg ut; dette mye på grunn av oppførselen deira.

– Dei held seg ikkje til vanleg «code of conduct», seier Vik.

– Da dei konservative kom inn i FN på starten av 2000-talet, gjorde dei dette uten omsyn til vanlig skikk og bruk, eller formelle og uskrivne reglar. Men etter ti års fartstid har dei nok også vorte sosialisert inn i «FN-åtferden» til ein viss grad.

Grunnen til at dei i det heile dukkar opp i FN-forsamlingar, er at  dei har innsett at det er noen kampar ein er nøydd til å ta internasjonalt.

Vik seier at denne typen oppførsel har bakgrunn i at fleire av dei evangelistiske aktørane i utgangspunktet er negative til FN som ei overnasjonal eining.

– Dei ønskjer å underminere denne meir enn å styrke ho. Grunnen til at dei i det heile dukkar opp i FN-forsamlingar, er at  dei har innsett at det er noen kampar ein er nøydd til å ta internasjonalt. For eksempel [opplever dei å ha] tapt abortsaka på eit nasjonalt plan. For å gi saka nytt liv i segla, prøver dei ho no internasjonalt.

Strategiske partnarar

I følgje Vik inneberer dette å alliere seg med noen til tider overraskande samarbeidspartnarar internasjonalt. I forsøk på å prøve å bryte konsensus rundt familiespørsmål i FN, har fleire av dei evangelistiske amerikanarane byrja å organisere seg i tverr-religiøse alliansar med aktørar frå medlemsland i Midtausten og Afrika. Dette har vore spesielt tydeleg gjennom det Qatar-baserte prosjektet Doha International Family Institute som inntil nyleg var leidd av ein amerikansk mormonar.

– Dei knyt band på tvers av religion, nettopp gjennom å fokusere på familieverdiar. Bodskapen når heim – særleg hos aktørar som deler misnøya med vestleg dominans i familiespørsmål i FN, seier Vik.

– Har sak vorte viktigare enn konfesjon?

  Dette viser i allefall ein stor vilje til å handle strategisk. Dette er ganske spesielt med tanke på at fleire av desse organisasjonane har støtta opp om Bushs krig mot terror, og er heller ikkje positivt innstilte til islam. Dei er veldig kløktige når det gjeld i valet av retorikk.

 På kva måte?

 For eksempel er abortsaka ein typisk kristen kamp. Ho har ikkje eit særleg sterkt teologisk fundament i islam, men kan likevel ha ein resonans når ein snakkar om familie. Dette på grunn av at ein på begge sider oppfattar at familien kanskje er viktigare enn individet sine rettar.

BjarteYstebø.foto.HansOlavArnesen_picmonkeyed

Bjarte Ystebø. Foto: Hans Olav Arnesen

Eit symposium for motstand

Når det gjeld religiøs mobilisering her til lands, er det vanskeleg å komme unna Oslo symposium. Mange har peika på at medieinteressa for denne verdimønstringa, er eit teikn på at dei kristen-konservative i Noreg er i ferd med å vinne politisk terreng.

På arrangementet som vart heldt for andre gong i februar i år, kunne ein mellom anna høyre partipolitikarar som Erna Solberg, Siv Jensen, og Knut Arild Hareide tale til forsamlinga.

Abortsaka er alle hjartesakar si mor.

 Målet har vore å skape ein møteplass for alle sentrale aktørar på ikkje-sosialistisk side, seier Bjarte Ystebø. Han er leiar av organisasjonen Kristenfolket, som er hovudarrangøren til symposiet

– Oslo symposium er ein god muligheit til å utøve politisk påverknad. Arrangementet er meint som ein politisk arena der folk kan bli høyrt når dei snakkar.

 Kva er dei viktigaste kampsakene til det kristen-konservative Noreg?

 Abortsaka er alle hjartesakar si mor. Vi er veldig opptatt av kampen for ei kristen forståing av familien; dette gjeld også ekteskapet, seier Ystebø.

  Dette verdisaker som vi vil kjempe for uansett om vi har fleirtal eller mindretal. I tillegg må vi løfte fram det som er aktuelle politiske spørsmål. Her kjem vi inn på saker som rett til friskolar, og reservasjonsrett for legar og helsepersonell [mot å delta i kunstig befruktning og å utføre abort]. Vi kjempar for fridom på alle nivå; religions- så vel som ytringsfridom.

Tapar kjernesaker

Det er mulig norske politikarar vier meir tid til det konservative kristne Noreg enn før, men kva påverknadskraft dei kristne eigentleg på tinget? Få politikarar er villige til diskutere abortlov, og Noreg sette i verk den kjønnsnøytrale ekteskapsloven i 2009. Med tanke på desse kristne kjernesakene, kan det verke som dei verdikonservative her til lands trør i oppoverbakke.

 Inntil vidare er desse to kampane tapt. Det betyr ikkje at dei ikkje kan gjenvinnast. Det viktige no, er at vi kjempar for å halde på den kristne kulturforståinga

Dette seier Anita Apelthun Sæle. Ho er tidlegare stortingsrepresentant for KrF, og er i dag kommentator for Norge IDAG, og leier programmet Forum IDAG på den kristne tv-kanalen Visjon Norge.

 Den kristne kulturen vår er verdifull, og har skapt eit samfunn som er godt for enkeltmenneske, anten ein er bekjennande kristen eller ikkje. Han er basis for vår fridom. Det er viktig at vi framleis har kristendomsundervisning i skolen, så vel som kristne formålsparagrafar. Det er sentralt at vi kjempar for ein grunnlov som tar vare på det kristne innhaldet. Men dette er no sterkt svekka og vi ender lett som avskorne blomar.

– Abortsaka er eg overbevist om vil komme tilbake med tyngde, seier Bjarte Ystebø.

– Her er eg optimistisk på lengre sikt. Det er verre når det gjeld ekteskapsloven. Vi må uansett jobbe hardt for det vi trur på. Alternativet, det å ikkje gjere noen ting, passar dårleg for oss.

AnitaApelthunSæle.foto.HansOlavArnesen (2)

Anita Apelthun Sæle. Foto: Hans Olav Arneesen

Svak kristen lobby

Anita Apelthun Sæle seier at denne utviklinga kan peike på at den kristne norske lobbyen er for svak.

 Lobbyistane har stort sett uteblitt. Dei kristne har jo utgjort eit fleirtal i Noreg over lang tid, men dei har ikkje jobba strategisk i det heile. Dette er leit, for i prinsippet har vi jo alltid vore mange nok til å vinne slike saker berre ved hjelp av «tyngdekrafta» vår, seier Apelthun Sæle.

 Tendensen internasjonalt er at mange  dannar tverr-religiøse alliansar. Kunne det vore ein ide for kristne her til lands og alliere seg med muslimar i større grad?

– Ja, det trur eg. Verdien av å stå saman om ei sak er uunnverleg. Ein kan ikkje vente å bli einige i alt, men ein kan samlast om visse ting. Ein burde sjå nytta av å stå saman i etiske spørsmål som har samfunnsbetyding, og ikkje la det faktum at vi har ulik truslære hindre oss i å kome saman.

Vi kjempar for ein grunnleggjande fridom som den muslimske verda enno ikkje har vist at dei trur på.

– Men som kristne kan vi aldri gi slepp på [prinsipp som] ytringsfridom og personleg fridom, legg Apelthun Sæle til.

Bjarte Ystebø er på si side skeptisk til slike samarbeidsprosjekt.

– Eg er ikkje trygg på at dette er ein god framgangsmåte. Vi kjempar for ein grunnleggjande fridom som den muslimske verda enno ikkje har vist at dei trur på. Å snakke om alliansar er eit sterkt ord, men dette betyr ikkje at ein ikkje kan vere einige om visse verdispørsmål, uansett om ein er muslim, jøde eller sekularist, og røyste saman når det høver slik.

Alternativ kunnskapsproduksjon

Om det kristen-konservative Noreg inntil vidare ikkje ser ut til å ha noe nemneverdig politisk makt, er dei kanskje stand til å påverke samfunnet på andre måtar. Det som verdikonservative både internasjonalt og her til lands gjerne lykkast med, er å danne private arenaar for å dyrke haldningar og idear på sida av den offentlege diskursen. Det har vist seg slik aktivitet på sikt kan ha ein tydeleg effekt på det øvrige samfunnet. I USA ser vi at konservative, religiøse aktørar gjerne blir premissleverandørar for verdidebatten, og kanskje er dette også ei utvikling som i gryande grad tar plass i Noreg.

Eg les Morgenbladet, og blir stadig slått av kor konservative delar av redaksjonen er.

 Personlig er eg nysgjerrig på, og opptatt av det eg oppfattar som ei breiare konservativ strøyming som folk som Bjarte Ystebø inngår i, men som også inkluderer sekulære og meir intellektuelt orienterte aktørar, seier Ingrid Vik.

– Eg les Morgenbladet, og blir stadig slått av kor konservative delar av redaksjonen er. Dei er veldig på hogget når det gjeld bioteknologi, og dette gjerne med ein argumentasjon som bygger på ei kristen forståing av biologi og skaparverk. Med tanke på rapporten vi har skrive, kan det verke som den norske diskursen får næring frå, og blir stimulert av ei breiare internasjonal strømning.

Har du trua på at dei kristne kan snu tidevatnet i verdikonservativ retning også her til lands?
Fortel oss kva du meiner.

 

Religioner.no lenkar:

 

 , , , , , , , , ,