Aktuelt

På tide med ei heilt ny tidsrekning?

Erling Lorentzen      |      14/01/2013

 Store norske leksikon nyttar datoformatet «Før vår tidsrekning» istaden for «Før Kristus».  Er dette ei etterlengta endring i trå med ein meir inkluderande språkpolitikk eller er dette å skjule det faktiske opphavet til kalenderen vi nyttar?

Av Erling Lorentzen

File:Stefan Lochner - Adoration of the Child Jesus - WGA13343.jpg

Denne vesle karen, som vi nettopp har feira fødselsdagen til, vart for sterk kost for Store norske leksikon. Måleri av Stefan Lochner 1445 – Wikimedia Commons

Før jul i fjor meldte Store norske leksikon [SNL] at dei no vil bruke datoformatet «Før vår tidsrekning». Endringa, eit ledd i ei rekkje forbetringar av design av nettsidene til leksikonet, skapte mye kontrovers og munna ut i eit utal debattar om alt frå god bruk av fagterminologi, til påstandar om forsøk på ei avkristning av Noreg. På bloggen til SNL skildrar hovudredaktør Anne Marit Godal korleis ho sjølv i kjølvatnet av annonseringa vart skulda for å vere «politisk korrekt, feig, anti-krist, muslimelskar, redd for muslimar, kulturmarxist, og ein del av Aps løynde plan for å innta alle maktposisjonar i samfunnet og bruke dei til å stryke Jesus Kristus ut av soga.» Korfor er ei endring av eit datorformat så kontroversielt?

– Eg trur Store norske leksikon blir oppfatta som “kunnskapens infrastruktur”, ein slags målestokk for rett og galt, seier Anne Marit Godal til Religioner.no. –  Når “dei store” endrar seg, blir endringa opplevd som “endeleg”. Folk blir sinte på SNL på same vis som dei blir sinte på NRK og NSB. Folk forventar at vi har gode artiklar på same vis som dei forventar at toget skal kome.

Godal seier at endringa til «fvt.» i hovudsak gjeld for faktaboksar, der ein tidlegare hadde brukt eit minusteikn. Eksempelvis vil no «-670» bli «670 fvt.». Artikkelforfattarane i leksikonet vel sjølv kva form dei vil nytte, men redaktøren noterer at denne endringa er i trå med tendensen i fagmiljøet.

– Det er først og fremst religionshistorikarane som skriv om perioden i SNL, og det synte seg at Kristus som tidsreferanse er på veg ut. Dermed laga vi ein tekst der “fvt.” sto istaden for minus og der “evt.” står som tekst opp til 100 år etter vår tidsrekning. Då vil det bli samsvar mellom fagleg oppdaterte artiklar og ordbruk i autotekstane.

– Noen har hevda at det vil vere upraktisk å forholde seg til to eller fleire ulike malar for datoformat på same tid.  Forstår du at folk blir forvirra?

– Ja, det er forvirrande å skifte omgrep, seier Godal. –  Vi lurte også på kor kjend forkortingane er. Det var det vi eigentleg spurte om i Facebook-gruppa der debatten starta og som Aftenposten fann og laga sak av. Alternativet var å skrive det ut “før vår tidsregning”, men det vil ta stor plass. Det var aldri aktuelt for oss å bruke “Kristus” i autotekstane så lenge det er så klart at religionshistorikarar er i ferd med å fase det ut.
SNL skal vere ein spegel av den oppdaterte fagkunnskapen, seier Godal som slår fast at « før og etterKristus»blir ståande i dei omlag 4000 artiklane om kristendom.

 

Jens Braarvig. Foto: Institutt for kulturstudier og orientalske språk.

Jens Braarvig. Foto: Institutt for kulturstudier og orientalske språk.

Å henge bjelle på katta
Om fagmiljøet er i ferd med å fase ut bruken av før og etter Kristus,gjeld dette slettes ikkje alle. Religionshistorikaren Jens Braarvig held fast ved det gamle datoformatet.

– Dette er ikkje ei enkel sak, men som historikar liker eg å  forholde meg til opphavet av hendingar, seier Braarvig.

– I Thailand har dei ei tidsrekning som går tilbake til Buddhas fødsel. Og i muslimske land finn vi så klart Muhammad [og hans utvandring] som utgangspunkt. På bakgrunn av dei imperiar som har vore, har dette vorte standard. Akkurat som den gregorianske kalenderen er vår standard. Skulle muslimane fjerne referansen til Muhammad i sin kalender?

Braarvig referer til den islamske kalenderen som tar utgangspunkt i profeten Muhammads utvandring frå Mekka til Medina som skjedde i år 622 i følgje den gregorianske kalenderen. Vi er no i år 1434 i følgje islamsk tidsrekning. Når det gjeld den gregorianske kalenderen er denne oppkalla etter pave Gregor XIII som innførte han i år 1582. Den katolske kyrkja tok etterkvart til å nytte han, og bruken av kalenderen vart seinare innført over store deler av verda gjennom vestleg kolonialisme.

– I ein slik postkolonial, global situasjon som vi er i, burde ein ha eitt system som er internasjonalt og ikkje knyta til ein spesifikk religion, seier Braarvig. – Men å forandre namnet endrar ikkje substansen; at vi har valt Kristi fødsel som utgangspunkt for vår kalender. Derfor meiner eg det er riktig i denne situasjonen å henge bjelle på katta, og kalle fenomenet det det er.

Fleire har tatt til orde for at  SNLs endring er eit ledd av ein dekonstruksjon av Noregs kristne identitet.

– Det skjønner eg godt, ler Braarvig. Og det er jo det det er. Noen vil meine at dette er bra, mens andre vil hevde at det er ei katastrofe.

– Men du tar ikkje dette så tungt?

– Eg syns ikkje dette er ei stor sak. Det er særleg redaktørar rundt om kring som møter dette problemet. Dette er meir ei redaksjonell sak enn eit politisk problem.

Shoaib Sultan.

Shoaib Sultan.

Historieforfalsking
Den muslimske samfunnsdebattanten Shoaib Sultan ser heller ikkje på dette som ei stor sak, men er like fullt fast bestemt på å halde fast ved å bruke f.Kr.

– Bruken av «Vår tidsrekning» eller andre variantar, er på mange måtar å forfalske og forvanske det vi snakkar om, seier Sultan. Eg ser ikkje noe problem i at noen folk brukar «før Kristus» som tidsrekning. Det er den måten å angi tid på som er mest brukt her til lands, og eg opplever ikkje at norske muslimar har eit problem med f.Kr heller.

– Er det så gale å prøve å vere meir inkluderande?

– Intensjonen er kanskje god, men resultatet er jo det same. Eg veit ikkje om «vår tid» er inkluderande i heile tatt. For kven er «vi» her? Det same gjeld omgrepet «normal tidsrekning». Vil det seie at andre tidsrekningar er unormale? Om ein ville vere meir nøytral måtte ein byrje å telje på nytt. Å byrje på år null i dag, for eksempel. Men det ville vere totalt unødvendig for min del.

Lars Gule

Lars Gule

Den koloniale arven
På si side meiner Lars Gule at bruken av Vår tidsrekning som tidseining absolutt har noe for seg. Gule, som er postdoktor ved Høgskolen i Oslo og Akerhus held fast ved at ein skal streve etter det han kallar ein livssynsnøytral bruk av omgrep i akademia.

– Det har blitt meiningslaust å snakke om «før Kristus», hevdar Gule. – Det er ein eksplisitt referanse til ein påstått historisk figur, som det uansett viser seg ikkje kan vere født på det tidspunktet som no er sjølve referansepunktet.

Vidare meiner Gule at nemninga er eurosentrisk og ikkje burde bli nytta i akademiske samanhengar.

– Om vi endrar på f.Kr har vi fortsett eit eurosentrisk utgangspunkt. Men all eurosentrisme kan vi uansett ikkje bli kvitt. Engelsk er i dag eit verdsspråk. Det er ein empirisk realitet som det er vanskeleg å gjere noe med. På same måte går nullmeridianen gjennom London. Dette er også eit resultat av europeisk dominans, men det ville bli vanvittig dyrt om verda skulle teikne om alle kart, omprogrammere alle datamaskinar osv, berre for å unngå denne historisk betinga eurosentrismen, seier Gule.

– Men det vi kan gjere noe med – f.eks denne nemnaren for tidsrekning – bør vi gjere. Om vi meiner den noverande tidsrekninga bør forbli internasjonal standard, bør også denne standarden livssynsnøytraliserast.  Derfor er «før og etter vår tidsrekning» betre enn «før og etter Kristus». Og eg syns det er bra av SNL at dei har valt den mest nøytrale tilnærminga.

Nøytralitet ikkje målet
I motsetning til Lars Gule meiner Språkrådet at referansen til Kristus faktisk er «teologisk nøytral», som dei skriv på nettsidene sine. Dette fordi folk i «dagligtalen ikke [tar] et teologisk standpunkt ved å bruke denne tidsangivelsen.» Men Anne Godal i Store norske leksikon stussar over problemstillinga.

– Jobben til Store norske leksikon er ikkje å vere nøytral, seier hovudredaktøren.

– Ingen akademikar bør hevde at kunnskapsproduksjon er nøytral verksemd. I vitskap er idealet å finne gyldig kunnskap ved hjelp av vitskapleg metode. SNL skal formidle faglig gyldig – ikkje nøytral – kunnskap. Førestillinga om “nøytrale leksikon” er ei misforståing som er blitt forsterka med Wikipedia – som byggjer på objektivismen til Jimmy Wales – at det finst ein slags objektiv kunnskap som resultat av ein form for fleirtalsprosess.

 Har vi ikkje også mange andre tidsreferansar med religiøst opphav, slik som dagane og månadane?

– For eksempel er Torsdag berre oppkalt etter Tor, på same måte som Trollfjorden er oppkalt etter et fiktivt troll, medan f.Kr. ikkje er ei oppkalling, men støttar seg til fødselen av Jesus som ein faktisk referanse, seier Godal.

– Sjølv om folk ikkje har Jesus i tankane [når dei nyttar f.Kr], inneber omgrepet ei religiøs anerkjenning av at Jesus var Frelseren. Dette er ei underforstått anerkjenning som ikkje finst i  dei fleste andre uttrykk med religiøst opphav.

Å lage ei ny tidsrekning
Kva skal ein skrive? Før kristus eller før vår tidsrekning? Er dette ei sak for redaktørar og akademikar framfor alt, eller handlar dette om klamre seg fast til (eventuelt å kvitte seg med) Noregs kristne arv?Shoaib Sultan reiser eit interessant poeng når han spør om kven «vi» i «vår» tidsrekning er. Er det snakk om «oss» eurosentristar som prøver å skjule vår koloniale arv ved å endre språket til meir politisk  korrekte termar, eller kan dette vere «oss» som i alle menneske på jorda? For har ikkje den gregorianske kalender vorte allemannseige, trass i at han i ein del tilfelle blir nytta parallelt med lokale kalendrar?

(…) om ein skulle ha ei tidsrekning som verkeleg alle deler, så burde ein ta utgangspunkt i olympiadane

Om vi skulle ha laga ei tidsrekning som verkeleg ikkje tok utgangspunkt i Jesus eller hans fødsel, kva skulle vi da ha som utgangspunkt? For tankeeksperimentets skuld, spør vi Jens Braarvig kva han meiner.

– Rundt 2000-årsskifte var det mye snakk om dette, seier Braarvig . – Eg meiner at om ein skulle ha ei tidsrekning som verkeleg alle deler, så burde ein ta utgangspunkt i olympiadane.  Den første olympiaden heldt i 776 f.Kr , og desse vart i si tid brukt som tidsreferanse av grekarane i antikken. Dette blir kanskje mest som ein spøk, men dette kunne ha vore eit godt utgangspunkt for ei ny tidsrekning. Olympiadane er ein fest som alle deler, mens kristendomen er ikkje ein fest som alle deler, slår religionshistorikaren fast.

 

 , , , ,