Aktuelt

Religionsforfølgjing av svartmetallarar

Erling Lorentzen      |      05/02/2013

Er Jesus meir provoserande enn Satan? Korleis stiller menigheitene seg til spikerbelte og liksminke? Kva meiner dei kristne om dei sataniske banda? Religioner.no har tatt pulsen på det kristne svartmetallmiljøet i Noreg.

Av Erling Lorentzen

Antestor

Det kristne svartmetallbandet Antestor. Foto: Antestor.

 

19. Januar vart det norske svartmetallbandet Antestor angripe av ein rasande gjeng av ungdom på turne i Brasil. Dei kristne ideala til bandet var ikkje foreinelege med dei lokale sitt syn på norsk svartmetall, og nordmennene måtte eskorterast vekk av politiet. I eit intervju med Religioner.no seier trommeslagar Jo Henning Børven at dette ikkje er første gong Antestor mottar drapstruslar eller er i ferd med å få juling.

Antestor vart grunnlagt av gitarist Lars Stokstad i 1990. Den gongen gjekk bandet under namnet Crush evil og med deira første demo, The defeat of Satan, skreiv bandet seg inn i musikkhistoria ved å gi ut ei av dei få kristne svartmetallplatene på ei tid der sjangeren nesten eintydig var prega av okkulte, paganistiske og sataniske uttrykk. Medan noen hylla bandet for å ha staka ut ein veg for kristne band i den mørke musikken, reagerte andre i avsky: «Det er gale nok at vi har eit par sosietetsband, men eit kristent band blir for mye» sa Mayhem-gitarist Øystein Aarseth i eit intervju frå 1993 «…Men ikkje fortvil – vi har planar. Dei vil ikkje fortsette å eksistere veldig lenge.»

Når noen seier at dei skal drepe deg på internett, tar du det ikkje veldig seriøst

Dette skulle vise seg å vere ein usedvanleg dårleg spådom. Over tjue år seinare står Antestor, rett nok etter eit par lengre pausar og personellendringar, framleis på scenar rundt heile verda og speler svartmetall med kristne undertonar. Etter alt å dømme er dette framleis provoserande for mange.

johenning

Jo Henning Børven. Foto: Antestor.

Trøbbel i paradis

– Da vi annonserte Brasil-turneen fekk vi omtrent 300 drapstruslar, seier trommeslagar Jo Henning Børven.

– Men dette skjedde først og fremst gjennom Facebook. Når noen seier at dei skal drepe deg på internett, tar du det ikkje veldig seriøst.

Børven har spelt trommer i Antestor sidan bandet gjorde sitt comeback i 2010, og han kan høyrast på den nye plata Omen (2012).

Trass i meldingane bandet mottok, gjekk turneen rolig for seg – heilt til Børven og resten av Antestor landa i den sør-austlege byen Belo Horizonte for å spele nest siste konsert før heimturen. Bandet vart eskortert av ein væpna politikonstabel frå minuttet dei gjekk ut av flyet. Konsertlokalet der dei skulle opptre hadde vorte utsett for hærverk, og politiet frykta at noen ville prøve å gjere alvor av trussane.

– Vi gjorde ein veldig bra konsert og stemninga inne var god, fortel Børven.

– Eg var ikkje klar over det som venta oss utafor.

Fleire politifolk hadde komme til, og hjelpte bandet med å kjempe seg igjennom ei klynge på omtrent hundre sinte ungdommar som sparka, slo og spytta etter nordmennene.

– Det var ei ekstremt amper stemning. Vi slapp stort sett unna med sjokket, men ein kamerat av oss vart slått ned da han gjekk ut av lokalet utan å tenke seg om.

– Korfor så sterke reaksjonar?

Dei meiner nok at Antestor er med å øydeleggje svartmetallsjangeren.

– På grunn av at de er kristne?

– Ja. Litt på same måten som pønkrocken starta som eit opprør mot det etablerte, kan ein seie at black metal var eit opprør mot kyrkja og det kristne Noreg. Mange ser på dei tidlege norske banda som Mayhem, Dimmu Borgir og Burzum som standarden for kva black metal skal vere. Noen behandlar «reglane» som desse banda etablerte nesten som ein religion.

Ein mørk arv

Norsk svartmetall har ikkje berre vorte ein eigen sjanger, men er også sett på som den største kulturelle eksportartikkelen her til lands. Røtene til musikken finn vi hos eit lite miljø av musikarar i Noreg på seint 80-tal og tidleg 90-tal som lånte dei mørke stilistiske uttrykka til speedmetallband som Venom og Slayer, og baka dette inn eit klangfylt, ambient lydlandskap dominert av sirkelsag-gitarar og høgfrekvente hyl. Men meir enn musikken, var det omstenda rundt desse banda som for alvor sette musikk-Noreg på kartet på dette tidspunkta. Ein serie kyrkjebrannar og eit par mord vart spora tilbake til sentrale personar i miljøet, og historiene rundt den norske mørke undergrunnen tok til å gå verda over.

Asbjørn Dyrendal. Foto: Arnfinn Pettersen.

Asbjørn Dyrendal. Foto: Arnfinn Pettersen.

Dette var på ei tid der frykta for satanisk rituell vald allereie var eit heitt tema i internasjonal presse, og rykte om kva som rørte seg i metallscenen i Noreg vart gjerne blese opp som dramatiske nyheitssaker før noen brydde seg om å sjekke fakta. Kor stor plass hadde eigentleg Satan i dette miljøet?

– Det var ikkje alltid veldig gjennomtenkte og skarpe doktrinar som sto på agendaen. I ein del av banda ser vi ein form for paganistiske ideal. Hos andre band står det norrøne i sentrum. Rotfeste i naturen er eit viktig element. Ein finn mange slike nasjonalromantiske ideal

Asbjørn Dyrendal er religionshistorikar ved NTNU og har mellom anna arbeidd mye med satanisme.

– Kor viktig er motstand mot kristendomen for satanismen?

– I alle former for satanisme ligg det ein eksplisitt kritikk av kristendomen. Dette er ikkje nødvendigvis ein uniform kritikk, men han er der i ei eller anna form. Dei rasjonalistiske og esoteriske rørslene er langt på veg frigjort frå desse rammene, og her står romantikken sin Satan sterkare enn kristendomen sin. Her finn ein romantikkens maktkritikk, identifisering med opprøraren, og identifisering med naturen og det kjødelege osv. Men også desse rørslene er ein del av ein kulturell tradisjon som tar utgangspunkt i eit oppgjer med kristendomen, slår Dyrendal fast.

– Når brasiliansk ungdom går laus på eit norsk kristent band, er dette ein religiøs konflikt?

– Eg kjenner ikkje tilfellet, men om eg skal tippe så handlar dette kanskje meire om musikksjangeren og subkulturen i seg sjølv, enn religion. Eit miljø som er fast bestemt på at musikken skal vere utført på ein heilt konkret måte, kan oppleve det som eit veldig stort svik, om noen av elementa manglar eller er «feil»: For eksempel det sataniske imaget. Dette har i så tilfelle eit preg av jakta på det autentiske, og har eit slag nostalgisk element i seg.

Pål Dæhlen.

Pål Dæhlen.

Misjon eller musikk?

Det er ikkje tvil om at satan enno speler ein stor rolle i norsk svartmetall – som ideologisk tankegods eller som eit reint stilistisk val. Kor stor plass har Jesus i den kristne greina av sjangeren? Er musikken eller misjonen viktigast?

–  Eg er kristen, og ser det slik at eg har eit oppdrag om å vere «disippel» i verda.

Pål Dæhlen driv distribusjonsselskapet Nordic Mission og har sidan 1997 selt kristen ekstremmetall til massane.

– Det betyr ikkje at musikken vi sel nødvendigvis må vere evangelistisk eller misjonerande – men eg meiner det er viktig at han skal vere oppbyggjande og ikkje destruktiv.

Dæhlen seier at marknaden for kristen ekstremmetall har vorte større med åra, og at det øvrige miljøet er meir opent for andre impulsar.

– Vi har kanskje hausta fruktene til dei tidlege norske banda, som sette svartmetall på scenen, seier Pål Dæhlen. Tekstene til dei gamle norske heltar som Mayhem og Dimmu borgir kunne gjerne handle om å drepe kristne. Men mye har forandra seg på dei siste tjue åra.

– Det har hatt mye å si at ein del av artistane har klart å kvitte seg med merkelappen «kristen musikk» og søke eit breiare publikum Om ein blir oppfatta som eit metallband istaden for eit kristent metallband, er muligheitene plutseleg mye større, seier Dæhlen.

Jo Henning Børven seier det har vore viktig for Antestor å komme seg ut av den kristne båsen.

– Tidlegare hadde bandet store problem med å få folk til å anmelde platene. Platene vart selde, men ingen ville vedkjenne at dei hadde dei, eller ein gong visste om bandet. Men ting er ferd med å bli betre. No skal vi for eksempel gjere eit intervju med Scream magazine.

– Enkelte av tekstane dykkar tar for seg eksplisitt kristne tema. I kva grad er Antestor eit kristent band?

– Det er ikkje urimeleg at eit band syng om det dei er opptatt av, seier Børven etter å ha tenkt seg nøye om.

– Om du er kristen, muslim, opptatt av politikk, miljø osv – det som driv deg i kvardagen vil også drive musikken til ein viss grad.

– Eg veit eigentleg ikkje om eit band kan vere «kristent», seier Pål Dæhlen. Ein snakkar jo ikkje om kristne rørleggjarar eller kristne klovnar. Stemplet «kristen musikk» er eit ganske innhaldslaust omgrep.

Håvard Skarr. Foto: Andreas Harvik

Håvard Skarr. Foto: Andreas Harvik.

Det er synd å si det, men noen kristne er veldig trongsynde.

Djevelsk intervall

Mens eit band som Antestor har måtte jobbe hardt og lenge for å få ein fot innafor den øvrige metallscenen, har dei også slitt med å overbevise den kristne leiren. Det å spele ein type musikk som lett lar seg assosiere med satandyrking og kyrkjebrannar, fell ikkje alltid i like god jord hos meinigheitene

– Ein ting er drapstruslar, eller det å få kasta øl etter seg på scenen – det sårar meire når dei du skal vere trygge hos frys deg ut, seier trommeslagar Jo Henning Børven.

– Det er synd å si det, men noen kristne er veldig trongsynde. Det finst ein ukultur hos noen menigheiter der folk held seg mye for seg sjølv og er skeptiske til alt som verkar framand.  Når det gjeld meg sjølv har eg alltid fått støtte både frå familie og menigheit, men ikkje alle i bandet har vore så heldig, slår Børven fast.

Musikk- og religionslærar Håvard Skarre seier at det i kristen tenking tradisjonelt har vore prega av ideen om eit skilje mellom kropp og sjel. Oppgjennom tidene har dette vore eit grunnlag for kyrkja til å forby ulike typar musikalske uttrykk.

– Denne dualistiske tankegangen har prega kristendomen på mange felt, seier Skarre.

– Dei fenomena som kjem frå mennesket sjølv, og ikkje har direkte rot i Bibelen, har vorte møtt med stor skepsis. Ein har hatt idear om at slik musikk tilfredsstiller berre det menneskelige, og ikkje minst vekker menneskelige sansar som lett kan føre til det som tradisjonelt har blitt sett på som syndige handlingar.

Til tross for at slike tankar i liten grad er utbredte i Noreg i dag, er Skarre likevel ikkje overraska over at det finst ein motstand mot metall i noen av dei kristne miljøa.

– Sjølv om kristenrocken har eksistert frå 70-talet av, har dei hardare utgåvene av han aldri fått innpass på lik linje med den meir pop’ete varianten.

– Frå kristent hold vil eg tru at mange tenker slik kyrkja har gjort i 2000 år: Metall kjem frå eit anna miljø, der det ofte blir flørta med okkult symbolikk, seier Skarre.

– Ut i frå dette vil mange meine at musikkforma ikkje har noe å gjere i ein kristen kontekst. Kanskje vil også noen si at det er respektlaust å synge om, og presentere, Jesus i ei slik musikalsk ramme.

Stuevarm Satan

Har Satan mista evna til å provosere? Har vi gløymd han? Eller heng dette saman med at han blir akseptert i form av å vere ein viktig ingrediens i ein av dei største eksportartikklane her til lands? Etter alt å dømme kan det verke som om Jesus har tatt over rollen som provokatør – i allefall når det gjeld metallscenen. Her blir han sett på som eit dramatisk brot med ein stolt og  veletablert tradisjon, og dette skapar reaksjonar. Som vi veit reagerar ei sekt aldri sterkare enn når sine eigne blir kjettarar og utbrytarar. Kanskje er det i dette lyset vi må sjå episoden Belo Horizonte, Brasil. Men kva syns dei kristne musikarane eigentleg om det okkulte opphavet til sjangeren dei speler?

– Du vil vite om eg høyrer på «satanistane» eller? Børven ler av mitt tabloide spørsmål.

– Eg høyrer ikkje på veldig mye metall om dagen, men om du må vite det, hender det framleis at eg plukkar fram dei gamle Mayhem- og Dimmu borgirplatene. Dei er utrulig kule.

Religioner.no lenkar:

 , , , , , , ,

  • Pingback: Elvis- et udødelig ikon? | Religioner.no()

  • Aage

    Jeg er litt overrasket over at «provokasjon» – betyr så mye
    for deg – at «overbevisning» .. blir borte.
    ….
    Jesus er overbevist om en ting.
    Satan er overbevist om en annen ting.

    At deres overbevisning – kan provosere noen, er naturlig.

    Men du ser ut til – å oppfatte provokasjon som en
    betingelse, i denne sammenhengen.

    Det – blir litt …vèl teoretisk… for meg.
    Livet – er (vanligvis) ikke – SÅ teoretisk betinget.

  • Ove Kristian

    Et kjent kristent metalband er australske Mortification. Et ukjent band er Horde, også det fra Australia.

  • Pingback: Gud hører på heavy metal! |()

  • Pingback: Satanisme i Norge? Å ja, black metal… |()

  • Pingback: En satans god jul? |()