Aktuelt

Spådde tsunami på Litteraturhuset

Erling Lorentzen      |      02/05/2013

Mannen som seier han spådde 22. juli-hendingane, var på Litteraturhuset denne veka. Der varsla han om ein tsunami som han meiner vil ramme Noreg seinare i år.

Av Erling Lorentzen

Kanagawa-oki_nami-ura_-_huge_wave_against_human

Japansk illustrasjon av en tsunami. Ca. 1830. Wikimedia Commons.

Jucelino Nóbrega da Luz har skrive over 90.000 brev. Den 53 år gamle brasilianaren hevdar å vere sanndrømt, og har i ei årrekke åtvara folk verda over om kommande katastrofar som han ser i draumane sine.

«Det er som ein teletransportasjon; kroppen min forblir i senga mi, men sinnet er ein annan plass. Her møter eg folk eg ikkje kjenner, ser stader eg aldri har vore, og forstår framande språk. Ofte får eg ein adresse som eg skjønner eg må skrive ned»

Dette seier Jucelino Nóbrega da Luz til dei frammøtte ved Amalie Skram-salen på litteraturhuset 30. april. Brasilianaren fortel korleis han oppdaga sin uvanlege eigenskap allereie da han var 9 år gamal. I ein draum fekk han adressa til ein mann i heimbyen, med beskjed om at denne vil døy i ei trafikkulykke. Den unge Jucelino fann fram til adressa han hadde fått, og informerte familien til mannen om draumen. Han vart latterleggjort, men fire år seinare skjedde ulykka, fortel ein alvorleg da Luz. Slik skjønte brasilianaren at han måtte byrje å skrive ned draumane sine, for å kunne kome samfunnet til nytte.

Frå draumar til mareritt
Da Luz fortel at han drømmer seks dagar i veka, og har i snitt ni draumar kvar natt. Når han vaknar skriv han ned draumane i brev for å åtvare om mulige katastrofar. Slik har det med tida vorte over 90.000 brev til ambassadar, statsleiarar og privatpersonar verda over. For å kunne dokumentere at breva er sende, registrerer han kvar enkelt ved ein notarius publicus (offentleg protokollførar), der dei blir datostempla. Breva blir sendt rekommanderte slik at mottakarane må kvittere når dei blir henta.

Vi vil vite korleis vi skal førebu oss på framtida!

I 60% av tilfella blir draumane sanne, seier brasilianaren. Slik hevdar han å ha spådd  døden til Prinsesse Diana i 1997, terroråtaka på The World Trade Center i 2001, og Tsunamien som ramma Thailand i 2004, for å nemne noe.

Da Luz vedgår at det er ein vanskeleg eigenskap han har fått.

«Dette er ei tung byrde. Å vere beraren av slike nyheiter er ikkje morosamt, men eg føler at det er ansvaret mitt å legge fram det eg veit.»

Spådde Utøya i draum
Der det påståtte klarsynet kanskje er ein tung byrde å bere for spåmannen sjølv, er heller ikkje  andre alltid like begeistra for å høyre om hans spådommar. Her til lands vakte da Luz mye oppmerksemd da han under eit intervju med God morgen Norge i forrige veke,  fortalte at han hadde forutsett tragedien på Utøya i 2011. Allereie i 2007 skal han ha sendt eit brev til den norske ambassaden i Brasil, der han åtvara mot hendingane som ville ta plass i Noreg 22. Juli fire år seinare. UD på si side bekreftar at ambassaden i Brasil faktisk mottok eit brev av Jucelino Nóbrega da Luz, men at dette først var seks dagar i etterkant av hendingane.

Spår tsunami
Tydelegvis førebudd på kritikk, hadde arrangør Ann Kristin Espejord sett av ein eigen bolk til  spørsmål rundt Utøya, under da Luz’ føredrag på Litteraturhuset. Dette skulle vise seg å vere unødvendig.

«Vi er jo her på grunn av vi trur på deg», ropar ei kvinne i salen. «Vi vil vite det som skal skje. Vi vil ha spådommar. Vi vil vite korleis vi skal førebu oss på framtida!»

Folk i lokalet nikkar, brummar, og ser ut til å vere einige i ytringa. Ikkje sein om å be, grip da Luz sjansen til å datofeste ein tsunami han har sett komme i ein draum. Han skildrar korleis eit utbrot frå ein mye omdiskutert undersjøisk vulkan på Kanariøyene, vil føre til ein enorm flodbølgje. I tillegg til å gjere stor skade i Karibien og på den amerikanske austkysten, skal dette også føre til at 30 meter høge bølgjer vil slå innover mot det skandinavisk fastland, kan spåmannen fortelje.

«Om eg har rett, vil dette skje 25. november i år», slår da Luz fast.

Eg har høyrt at frå eit spirituelt perspektiv er det ikkje så ille å døy i ein tsunami.

Panikken tar over
Folk i salen gispar. Mange kjenner visst til denne spådommen frå før, og vil vite detaljane. «Når bølgjene kjem inn i den tronge Oslo-fjorden, vil dei ikkje da bli enno høgare?, vil ein mann vite.

«Det eg har sett er tre bølgjer», svarar Luz. «Den første er den høgaste, og dette er svært problematisk for kjernekraftverka langs kysten», fortsett brasilianaren som tydelegvis ikkje har fått med seg at det ikkje finst slike kraftverk i Noreg.

«Kva skal vi gjere?!» roper ei kvinne engsteleg. «Skal vi byrje å rasjonere mat?»

«Dra til eit høgt punkt, og kom tilbake om eit par dagar», svarar da Luz.

«Eg har høyrt at frå eit spirituelt perspektiv er det ikkje så ille å døy i ein tsunami. Kva veit du om dette?» lurar ei ung jente.

«Dette er interessant, men eg vil seie at det beste er å halde seg i live», svarar brasilianaren nonchalant.

P1000961

Jucelino Nóbrega da Luz

Ingen profet
I gryande grad snur folk ryggen til scenen, og tar til å diskutere seg i mellom korleis dei best skal få myndigheitene til å opne auga for den ventande katastrofen. Noen foreslår underskriftskampanjar, medan andre hevdar at alt håp er ute. I mellomtida nyttar underteikna sjansen til å veksle eit par ord med den brasilianske spåmannen:

– Ideane dine har tydelegvis gjennomslag hos folk. Føler du noen gonger at du blir behandla som ein profet?

– Eg er ingen profet. Det er riktig at eg har fått denne gåva frå oven, men eg kan ikkje seie deg korleis eller korfor dette har skjedd. Eg vil heller ikkje si for sikkert kva som rører seg der oppe. Eg ser på meg sjølv som ein budbringar meir enn ein profet.

– Folk betaler  pengar for å sjå deg snakke. Føler du eit press på å levere spådommane folk vil høyre?

– Eg har ingen økonomisk interesse i dette. Billettpengane går med på å dekke turnekostnadene. Eg gjer dette fordi eg føler eg må. Dette er ein byrde for meg, men ein jobb eg utfører med glede.

Ein spesiell mann
Gjennom føredraget vier Jucelino Nóbrega da Luz  mye tid til å snakke om kjærleik, om å få slutt på krig og elende, og om respekt for alle verdas religionar; vi treng dei alle. Han verkar nøktern og oppriktig, samtidig som han har eit solid grep om publikum.

Det finst ingen tvil om da Luz er ein spesiell mann, men om han er har spesielle evner er vanskeligare å vite. Dei fleste treng nok meire bevis enn noen handskrivne brev med datostempling på, for å bli overbevist. Dette gjeld truleg også for Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, om dei skulle foreslå ei evakuering av Oslo sentrum til hausten.


Religioner.no lenker: 

 , , , , , , , ,

  • Øystein

    Hvor mange var villige til å betale for å høre på disse spådommene på arrangementet?

  • skeptisk

    I ein verden full av idioter, så tillater jeg meg denne følelsen av å være ein intellektuell bauta, og eit veritabelt grunnfjell av sunn fornuft.
    Ein kvar som kan se tall og legge de sammen, kunne ha forutsatt at ein nordmann, før eller seinare, ville flippe på den sinnsyke regjeringa vi har i dag.
    Å gjøre det 6 dager etterpå er ikkje veldig spesielt framsynt, medmindre du lever av å bedra tullinger som henger rundt og leser dette rælet.

    • Tommen

      Men han har sendt det brevet lenge før ABB «slo til», og at dem da i ettertid sier at dem ikke har mottatt brevet før 6 dager senere enn hendelsen, kan være for å «redde» sin egen ræv..

  • Harry Fyhr

    Nå er ikke jeg noen forkjemper for skriftlig nynorsk, snarere tvert imot, men hvis du først skal skrive nynorsk, bør du gjennomføre det. Dette er en usalig blanding av bokmål og nynorsk.
    Eks.:
    – «fortel at han drømmer»
    – «for å nemne noe»
    – «mye oppmerksemd»
    – «ein mye omdiskutert undersjøisk vulkan»
    – «eg kan ikkje si»
    – han «drømmer ein draum»

    At «hendingar tar plass» har jeg aldri hørt før, selv om de kan «take place» på engelsk eller «finne sted» i bokmål. Vi får håpe akkurat disse hendelsene tar lite plass…

  • erling_lorentzen

    Øystein: Om eg skal tippe var det omtrent 60-70 personar i salen

  • Pingback: Tips fra klarsynt ledet til pågripelse |()

  • For en tulling. Ja ja jeg er vel en tulling selv, som sier dette men akk, For En Tulling 😀

  • Pingback: Ragnarok er rett rundt hjørnet! |()

  • Pingback: Pyramidenes hemmeligheter |()

  • Pingback: Nå kan du høre Religioner.no. |()

  • Pingback: «Så du hvor dypt jeg gikk nå?» |()