Aktuelt

Splitt og hersk: Om bombene i Beirut

Erling Lorentzen      |      19/11/2015

Kvelden før dei brutale angrepa i Paris gjekk to bombar av i den libanesiske hovudstaden. Den Islamske staten (IS) sin strategi er den same i begge tilfelle: Å sette befolkningsgrupper opp mot kvarandre.

Av Erling Lorentzen

Erling Lorentzen

Erling Lorentzen

Bombar i Burj al-Barajne
Torsdag 12. september sprengde ein sjølvmordsbombarar seg sjølv i lufta i bydelen Burj al-Barajne, i Beirut. Bomba råka i eit folksamt nabolag nær den palestinske flyktningleiren med same namn. Da folk flokka seg rundt staden for å hjelpe dei såra, small bombe nummer to. Minst 43 liv gjekk tapt, og nærare 240 vart skadde.

Sidan utbrotet av den syriske borgarkrigen har nabolandet Libanon vore utsett for 27 bombeaksjonar. Desse har  til saman har kravd nærare 180 menneskeliv, har vore av ulik art og omfang, og utført av ukjende så vel som kjende aktørar. Nokre av dei mest dødelege åtaka har vore retta mot dei sørlege forstadane til Beirut, og eksplosjonane i førre veke var ikkje eit unnatak. Desse forstadane blir gjerne assosiert med hovudstadens shiamuslimske befolkning, og er også der Hizballah har sine hovudkontor i landet. IS tok på seg skulda for åtaka, men episoden vart likevel kraftig overskygga av åtaka organisasjonen utførte dagen etter på det europeiske fastlandet. Jamvel om måla var ulike, er det nokre sentrale fellestrekk ved aksjonane.

Arven til al-Zarqawi
IS sine valdelege handlingar i Beirut og Paris er ikkje berre hemn mot dei som kjempar militært mot organisasjonen på syrisk jord (Frankrike gjennom flyangrep på gruppas kontrollområde i Syria, og Hizballah som støtter den syriske hæren på bakkenivå langs den syrisk-libanesiske grensa), men inngår også i ein langsiktig militær strategi. Denne går ut på å sette befolkningsgrupper opp mot kvarandre, og tuftar i stor grad på tankane til den jordanske jihadisten Abu Musaab al-Zarqawi.

Al-Zarqawi vart tatt opp i al-Qaidas lokale grein i Irak i slutten av 2004, men det skal ha herska ein viss avstand mellom han og den sentrale leiarskapen i terrornettverket. Da al-Zarqawi i 2005 lanserte sin infamøse krig mot verdas shia-muslimar, var dette eit avvik frå al-Qaidas militære kampanje som i all hovudsak var retta mot vestlege mål. Førstnemnde viste tilsynelatande meir interesse for å ramme lokale sivile mål enn å delta i den klassiske globale jihaden.

Strategien til al-Zarqawi kan grovt sett delast opp i tre trinn: (1) Åtak på den shiamuslimske majoriteten i Irak, ville på  sikt (2) føre hemnangrep og hat mot landets sunniminoritet. (3) Landets sunniar ville dermed bli isolerte frå storsamfunnet, utan å ha nokon annan plass å vende seg enn til dei mest ytterleggåande kreftene. Den overdrivne bruken av vald skapar eit grunnlag for rekruttering og lojalitet. Dette har ikkje berre prega IS sitt handlingsmønster i sine kontrollområde i Irak og Syria, men blir no testa ut i framande land.

Splitt og hersk
Der IS’ blodige aksjonar i Paris må bli sett på som eit forsøk å auke spenninga mellom majoritetsbefolkninga og ein svært pressa minoritet, har IS i over eit års tid gjort fleire forsøk på å nøre opp om sekterisk strid i Libanon. Gruppa meldte for alvor sitt nærvær i landet da ho i august 2014 var med på å kidnappe 24 soldatar i Arsal; ein liten by ved den syriske grensa. Hæren svarte med å teppebombe byen, som førte til mange tap blant både stridande og sivile. Episoden resulterte i mange skuldingar mot den statlege hæren: Ikkje berre hadde sivile liv gått tapt, men hæren var heller ikkje i stand til få tilbake dei kidnappa soldatane.

Seinare på hausten byrja det å gå rykte om at IS hadde laga ein eigen sharia-domstol i Arsal. Organisasjonen viste seg som eit alternativ til den libanesiske statsmakta som i det store og heile var fråverande frå det turbulente området. I den grad staten var tilstade, var dette gjennom tilfeldige raid mot sivile som var skulda for å huse terroristar som kjempa i dei syriske fjella. «Dei fleste er livredd ISIS og undrast på korleis dei kan vere så brutale», uttala ein lokal skolelærar til den libanesiske avisa The Daily Star: «Men eg har også kollegar som er nøgde med deira gjerningar, og som meiner ISIS straffar dei rette folka».

Farleg retorikk
Da IS tok på seg ansvaret for sjølvmordsbombane i Beirut, meldte organisasjonen at målet var å slå tilbake slå tilbake mot Hizballahs «høgborg». Pussig nok fann verken engelskspråkleg eller arabiskspråkleg presse andre måtar å skildre dei sørlege forstadene til den libanesiske hovudstaden på enn ved å nytte uttrykket terroristane sjølve brukte. Eksempelvis meinte BBC og The New York Times at Burj al-Barajne var «a stronghold of the Shia Islamist Hezbollah movement”, medan Reuters og AFP skildra bydelen som ein “Hezbollah bastion”. På same vis gjekk ordet maʿqil (høgborg) igjen i arabiskspråkleg presse. Ved første augekast hadde ikkje bydelen, heim til tusenar av menneskje, nokon andre kvalitetar enn å vere høgborg for ei militant islamistisk rørsle.

Som den Beirut-baserte journalisten Annia Ciezadlo på meisterleg vis har peikt ut, vart valden i Paris skildra som åtak på det «liberale, multikulturelle Europa», medan dei sørlege forstadene til Beirut (i den grad dei i det heile var nemnde) vart redusert til eindimensjonale stereotypiar. Denne språkbruken er skummel fordi den gjer noko med måten vi tenker om sivile liv på. Kven bryr seg vel om liv går tapt i ein Hizballah-bastion?  Medan Frankrike utfører sine flyangrep på «ISIS-høgborgen Raqqa», kan det vere klokt å tenke på dei sivile som vil miste livet også under desse åtaka.

Lærdom frå Libanon
Trass i hendingane i førre veke har IS eit svært begrensa nærvær i Libanon. Det siste åtaket på dei sørlege forstadane i Beirut kan likevel vere eit teikn på at gruppa ønskjer å trappe opp innsatsen utanfor sine kjerneområde. Når valden inntreff, i Midausten så vel som i Europa, er det essensielt at statsleiarar tar i betraktning splitt-og-hersk-taktikken som IS er kjend for, før dei svarer. Lærdommen frå Libanon er at kortsiktig militant tenking kan ende opp med å gi terroristane akkurat det dei er ute etter.

Erling Lorentzen Sogge er stipendiat hos Senter for islam- og midtaustenstudiar ved Universitetet i Oslo, og er for tida basert i Libanon der han gjer eit feltarbeid som tar for seg utviklinga av militant islamisme i dei palestinske flyktningleirane.

Religioner.no-lenker: 

 , , , , ,