Aktuelt

Strålevern til folket

Erling Lorentzen      |      06/03/2013

Kva er skilnaden på sunn skepsis og paranoia? Fleire verksemder opererer i dag i grenseland mellom livssyn og vitskap.

Av Erling Lorentzen

Hvor farlig er elektromagnetisk stråling? Illustrasjon: Wikimedia Commons.

Alternativbransjen er for tida under tungt skyts. I fjorhaust kunne vi sjå Folkeopplysningen avdekke spirituell svindel på tv-skjermen, mens Human-Etisk forbund i sin kampanje retta mot «klarsynte, kvakksalvere og krystallhealere» minna om oss om at ingen liker å bli lurt. Og no annonserer altså Helsetilsynet og Forbrukerombudet ein storaksjon mot alternative behandlarar.

(…) er det eg som er overfølsam, eller er dei andre berre avstumpa?

Religioner.no har oppsøkt kryssilden i debatten mellom skolemedisinen og alternativbransjen, der vi har møtt aktørar som sel ulike produkt meint for å skjerme oss frå skadeleg stråling – ein fare dei meiner vi konstant er utsett for, til trass for kva den statlege forskinga seier.

Elektrosensitiv kvardag

– Da eg jobba som lærar, sat eg mye ved dataen. Eg brukte å bli forferdelig sliten; eg fekk krampar i ryggen og auga byrja å dirre. Ofte var eg ukonsentrert og hadde søvnvanskar.

Raphael Kleimann seier desse plagene kom av at han ikkje tålte å bli eksponert for dei trådlause nettverka som omgav han på den tidlegare arbeidsplassen. Han er ein del av ei gruppe menneske som opplever at kontakt med elektromagnetiske felt (EMF) har ein belastande effekt på helsa. Desse blir ofte kalla elektrosensitive, eller el-overfølsame.

– Eg er ikkje så glad i termen el-overfølsam, seier Kleimann.

– Eg hugsar eg brukte å spørje meg sjølv «er det eg som er overfølsam, eller er dei andre berre avstumpa?» Er terskelen på det vi er venta å tolerere for høg?

Kleimann og Kleimann

Kleimann og Kleimann

Strålesikre varer

Saman med Marianne Kleimann-Sevåg, har Kleimann sidan 2007 drive initiativet Baldron, der han mellom anna sel strålevernprodukt retta mot andre som opplever liknande plagar. Blant produkta som nettstaden tilbyr finn vi eit breitt utval av klede, gardiner, gjennomsiktig vindaugsfolie, og til og med husmaling som blokkerer eksponering frå mobiltelefonar, trådlause nettverk, basestasjonar osv. Desse produkta er i hovudsak importvarer frå Tyskland.

– Når eg er ute å reiser har eg på meg ein jakke av sølvdekte koppartrådar. Han reflekterer signala. Dette er omtrent det same utstyret som militæret brukar når dei jobbar med radar og må ha verneklede, forklarar Kleimann.

Han seier at tendensen til å stadig oftare installere trådlause nettverk i bussar, fly og på offentlege stader som bibliotek, gjer det vanskeleg for mange å leve eit normalt liv.

– Vi møter mange som er sjuke og ikkje klarer å jobbe, seier Marianne Kleimann-Sevåg

– Dei er kroniske slitne og har diffuse helseplagar som dei ikkje kan forklare. Det einaste legene kan seie er at det er psykisk, men dette kjem ein ikkje langt med. Når folk skjermar seg, ser vi at dei får ein betre kvardag.

Sjukdom eit livsstilsproblem

Raphael Kleimann reagerer på korleis legemiddelindustrien berre er opptatt av å leke symptoma til sjukdom, men i liten grad dveler ved grunnen til at menneske blir sjuke.

– Frå ein materialistisk ståstad er kroppen ei maskin. Om noen delar sluttar å fungere må ein erstatte dei eller «smøre» dei. Ein materialistisk biologi har ikkje ein definisjon på kva liv er. Vi ser på mennesket som eit spirituelt vesen, ikkje nødvendigvis i lys av eit bestemt livssyn, men i form av at vi kan tenke, reflektere og forstå verda og vere medskaparar i evolusjonen.

Fleire og fleire sjukdommar i dag er miljøbetinga, og det er dei el-overfølsame eit klart bevis på.

For paret betyr dette også å endre verda rundt oss, til noe som harmoniserer meir med det dei forstår som vår menneskeleg natur.

– Kontakt med naturen, ernæring og sosial fellesskap er heilt sentrale moment om eit menneske skal ha ein sunn livssituasjon, seier Kleimann-Sevåg.

– Eit menneske i dag lever i eit klima av langt større belastningar enn for berre 50 år sidan. Vi har støy-, stress- og kosthaldsbelastningar. Noen har stor kapasitet til å takle desse problema, mens andre har mindre å gå på. Ansvaret burde ikkje kvile på dei svakaste i samfunnet.

– Det med miljømedisin er eit stort arbeidsfelt for oss, skyt Raphael Kleimann inn.

– Fleire og fleire sjukdommar i dag er miljøbetinga, og det er dei el-overfølsame eit klart bevis på.

Mari Grendstad

Marit Grendstad

Industri i medvind

Tanken om at vi lever i ei stadig meir belastande omverd, resonnerer sterkt med Marit Grendstads virke. Sidan 2008 har ho drive nettbutikken imedvind.no der ho sel Memon bionic instruments  – ein teknologi som ho hevdar kan «renaturere» klimaet rundt oss. Ein memonizer kan for eksempel plasserast i huset, i bilen, eller enkelt nok på mobiltelefonen.

– Prinsippet bak Memon er å endre informasjonen i våre omgivnader, til informasjon som støtter vårt biologiske system, forklarar Grendstad. I denne prosessen nøytraliserast skadeleg informasjon frå patogene frekvensar som ligg utanfor det synlige lysspekteret.

Grenstad er sjølv el-overfølsam, og seier ho opplevde store vanskar berre ved å vere inne, mellom anna på grunn av strålinga frå varmekablane i golvet, og naboens trådlause internett. Dette var før ho oppdaga Memon.

– Da eg først fekk tips om Memon, tenkte eg at det var noe tull. Men eg gjekk med på å prøve det, og langsamt men sikkert følte eg at eg var i stand til å slappe av i min eigen heim igjen.

Ukjend kunnskap

Utvikla av tyskaren Winfried Dochow, verkar det som Memon-teknologien har gitt Grendstad ein langt lettare kvardag, men korleis kan ein eigentleg dokumentere effekten av eit produkt som baserer seg på ein mildt sagt alternativ form for vitskap?

– Korleis måler ein lufttrykket i dekka på bilen? Spør Grenstad tilbake. Ein måler det ikkje i liter for eksempel, men i bar. Når forskarar seier dei ikkje kan påvise noen helseeffekt ved strålinga – er ikkje dette eit teikn på at ein ikkje bruker riktig mål?

 Det vil seie at Winfiried Dochow har ein metode, eller eit «mål» som han i så fall er aleine om å nytte?

– Det han har gjort er ganske revolusjonerande. Noen må vere først – slik er det med all teknologi. Og det tar alltid tid før samfunnet aksepterer nyvinningar.

Når ein går inn på nettsida di blir ein møtt av skremmande bildar av glade familiar som uvitande blir eksponert for strålande apparat. Du speler ikkje unødvendig mye på folks frykt for stråling?

– Nei, det har eg ikkje noe behov for. Det blir heilt feil for meg. Det handlar meire om å dele gleder i form av positive erfaringar, og samtidig gi eit realistisk bilde av verda vi omgir oss, forsikrar Grendstad.

På kollisjonskurs med staten

Seinast i fjorhaust lanserte Folkehelseinstituttet ein rapport som tok for seg helserisikoen ved elektromagnetiske felt. Konklusjonen er at det ikkje per i dag finst forsking som kan bevise at strålinga frå mobiltelefonar og trådlause nettverk har ein negativ helseeffekt.

Marianne og Raphael frå Baldron på si side, held fast på at grenseverdiane for stråling i Noreg er for høge.

– Det finst mye god forsking som påviser helsefarane ved stråling, men dette blir systematisk avskrive av dei statlege institusjonane, seier Kleimann.

Om faren var reell, korfor skulle ikkje staten opplyse om dette?

– Dette liknar problematikken rundt tobakkindustrien på eit tidleg tidspunkt. Mobilindustrien har store interesseorganisasjonar som er med på å påverke kva for rapportar som blir kjende.

Jan Alexander

Jan Alexander

Høgspent debatt om helserisiko

Eit av studia Kleimann peiker på vart utført av eit utval leidd av den svenske forskaren Lennart Hardell ved Universitetssjukehuset i Örebro. I ein kommentarrapport til Folkehelseinstituttet sine funn frå fjoråret, skriv Foreningen for  for el-overfølsomme (FELO) at Hardells forskargruppe «fant økt risiko for hjernesvulst blant brukere av mobiltelefon […] med størst risiko i den gruppen som hadde brukt slike telefoner i mer enn 10 år».

Meir nøyaktig konkluderte Hardell med at den som aktivt har brukt mobiltelefon i over ti år har 2,7 større sjanse for å utvikle hjernesvulst enn ikkje-brukarar av mobil. I sin rapport skuldar FELO Folkehelseinstituttet og det øvrige fagmiljøet for å bevisst neglisjere relevante funn gjort av Hardell og andre forskarar.

– Vi drøfter studia til Hardell omfattande i vår rapport. Seinare studiar viser at resultata umulig kan vere riktige. Eg vil heller seie at det er denne motrapporten [til FELO] som utelet ein del litteratur og undersøkingar som tyder på det motsette av det dei meiner.

Dette seier Jan Alexander, assisterande direktør for Fokehelseinsittuttet.

– Det er gjort veldig mye forsking på dette området, og det er klart at berre på grunn av tilfeldigheiter vil det dukke opp enkelte studiar som innimellom påviser ein viss samanheng f.eks. mellom mobilbruk og sjukdom. Det sentrale her er at slike forsøk må kunne reproduserast av andre. Det er ofte slik at om ein forskar kjem fram til ein slik positiv samanheng, er det likevel ingen garanti for at det vil la seg gjenta av andre.

Alexander seier han har stor sympati for el-overfølsame, men at det frå eit vitskapleg perspektiv er problematisk å seie noe om bakgrunnen til plagene dei har.

– Det er ingen som tviler på at desse personane har helseplagar. Eg forstår at det blir vanskeleg for dei som meiner at symptoma deira har rot i kontakt med EMF [elektromagnetiske felt], i og med at det finst trådlause nettverk overalt. Men forskinga som finst tydar på at EMF fysisk sett verken er direkte eller medverkande årsak til desse plagene.

Ingen grunn til bekymring

Mens Folkehelseinstituttet sin rapport slår fast at det ikkje er noen vitskapeleg grunnlag for å «anbefale en generell eksponeringsreduksjon», blir det derimot sagt at dei som ønskjer det, kan  «med enkle midler […] redusere egen eksponering» for eksempel ved å nytte handsfrisett til mobiltelefonen. Er ikkje dette å foreslå at det likevel finst ein mulig fare?

– Det er vanskeleg for oss å seie slike ting utan at det blir oppfatta som eit dobbeltbodskap, seier Merete Hannevik.

Ho er seksjonssleiar i Statens strålevern og har vore ein del av ekspertpanelet som utarbeida fjorårets rapport om stråling.

– Det vi er tydelege på i rapporten, er at vi skil mellom mobiltelefonar og dei andre kjeldene. Trådlause nettverk, basestasjonar og andre antenner som vi har rundt oss, gir veldig låg eksponering og det finst ingen dokumentasjon på at desse har noen form for helseeffekt. På den andre sida har vi mobiltelefonen som ein held heilt inntil hovudet, som kan gi ei lokal oppvarming. Denne er veldig liten, og ein er under grenseverdien, men er heller ikkje milevis under grenseverdien. Rapporten seier at når det gjeld bruk av mobiltelefon over femten år, har ein per i dag inga forsking klarer å vise at dette er farleg.

Betyr dette at ein vil kunne komme fram til andre resultat på sikt?

– Sannsynlegheiten er liten, fordi det har gått så mange år utan ein påviseleg effekt. Men som du seier har vi ingen endeleg konklusjon på langtidsbruk av mobil. For det andre er det veldig lett å gjere tiltak; for eksempel ved å bruke handsfrrisett. Med tanke på barn og unge som vil bruke mobiltelefonen i mange år framover, syns vi det er smart at dei kan lære seg ein vettug bruk av handsfri.

Trass i dette førevar-prinsippet seier Hannevik at folk flest er meir bekymra for stråling enn dei treng å vere.

– Folk ser antenner kvar enn dei snur seg, og er veldig opptatt av dette temaet. Men som vi ser det, og rapporten dokumenterer, er det liten grunn til bekymring. Det kan også verke som noen skor seg på denne bekymringa.

Du tenker på dei som sel strålevernsprodukt eller liknande?

– Det kan godt hende at slike produkt kan ha ein positivt effekt på enkelte. Korfor dette er tilfelle, kan ein ikkje alltid forklare. Det vi reagerer mest på er når folk prøver å gjere greie for effekten ved hjelp konkrete, fysiske omgrep. Forklaringane dei kjem med heng ofte ikkje på greip.

I grenseland

Nører desse aktørane opp til frykt for eit fiktivt problem, eller etterkjem dei eit behov som skolemedisinen ikkje er i stand til å møte? Uansett kva ein meiner om nytteverdien til produkta som har vorte drøfta i denne teksten, er det liten grunn til å tvile på at Baldron og Imedvind.no leverer varer og tenester som gjer kvardagen lettare for mange.

Anten ein føler eit behov for å fysisk sett skjerme seg frå stråling, eller set sin lit til teknologi som skal renatuere omgivnadene – om folk opplever ein positiv effekt, er det kanskje mindre grunn til å dvele ved akkurat korfor eller korleis dette skjer.

Vi treng folk som stiller spørsmål ved måten vi lever på. Slik sett sett har vi både rom og behov for ulike former for livssyn. Men har vi rom for alternative forståingar av kva vitskap skal vere? Dette er eit meir problematisk spørsmål. Uansett kva ein måtte meine, burde ein ting vere klart for alle : Det er når alternativbransjen prøver å utfordre skolemedisinen i vitskapelege termar, at han kjem dårlegast ut, og stiller seg lagleg til for hogg frå både frå fagfolk og samfunnsdebattantar. Dette til glede for enkelte, og ergring for andre.

Religioner.no lenkar

Lenkar:

 

 , , , , , , , ,

  • Saksopplysning: Forsvaret bruker ikke klær med sølvbelagte kobbertråder når de jobber med radar. Hvis man skal unngå «stråling» fra radaren må man skru den av.

    Helsepersonell bruker beskyttelse når de jobber med røntgen. Men da må klærne være av BLY. Ganske tungt å gå rundt med, og ikke så stilig som sølvbelagt kobber.

    • Jeg skal ikke gi meg ut for å være noen ekspert på radarstråling, men det gir jo mening å skru av radaren om man vil unngå strålingen.

    • Hei Pernille. Vårt poeng er at teknologien er utviklet av NASA til skjermingsformål. Hva forsvaret bruker i vanlig omgang med f.eks. radar vet jeg ingen ting om. Men de som jobber i strålingsutsatte arbeidsprosesser burde kanskje vurdere sin beskyttelse. Ellers vet jeg fra tidligere ansatte i forsvaret at det var vanlig å stille seg litt foran radaren før de gikk på byen lørdagkvelden… At teknologien virker, er det ingen tvil eller diskusjon om. Diskusjonen går på om det er noe å beskytte seg mot eller ikke. Da blir vel spørsmålet hvorfor NASA utviklet teknologien. Den har selvfølgelig sin anvendelse til flere formål. Det finnes etter hvert flere skjermende stoffer på markedet, og mange er glade for at klær av slike stoffer gjør det mulig for dem å bevege seg ut i det offentlige rom. Det er særlig beskyttelse mot høyfrekvent stråling fra f.eks. mobiltelefoner og trådløse nettverk som er viktig.

  • Pingback: Amerikanerne har talt: Hamskiftende reptiler kontrollerer ikke verden! | Religioner.no()

  • Pingback: En giftig himmel? |()

  • Pingback: Pyramidenes hemmeligheter |()

  • Pingback: Nå kan du høre Religioner.no. |()

  • Pingback: En åndelig fornøyelsespark |()