Aktuelt

Tar farvel med pave Benedikt på eit kritisk tidspunkt

Erling Lorentzen      |      01/03/2013

Ein time før pave Benedikt XVI gjekk av, samla Oslos katolikkar seg til pontifikal takkseiingsmesse i St. Olav domkyrkje. 

Av Erling Lorentzen

St. Olav 2

St. Olav domkirke

Ei prega forsamling

Det var ei tydeleg tynga forsamling som på torsdag den 28. februar tok farvel med Pave Benedikt i St. Olavs domkyrkje. Under heile messa kunne ein høyre hiksting og lågmelt gråt, medan kyrkjelyden deltok i salmesong og bøn for den no abdiserte paven. Kyrkja var fullsett, og menneske i alle aldrar hadde møtt opp for å takke Benedikt for sin sju år lange innsats som leiar for den katolske kyrkja.

last ned

Biskop Bernt Eidsvig

Krisetid for den katolske kyrkja

I sin tale til kyrkjelyden sa Biskop Bernt Eidsvig at det er ei stor byrde, og eit tungt ansvar som kvilar på skuldrene til ein kvar pave. I denne samanhengen skildra han Benedikt XVI som ein mann som er tydeleg prega av alderdom og utmatting. Vidare vart det sagt at som overhovud for det den verdsomfattande katolske kyrkja, har Benedikt XVI ofte hatt ein lite takknemleg jobb. Dette spesielt med tanke på medias tendens til å konfrontere kyrkja med skandale på skandale, utan å riktig forstå paven sin rolle, meinte Biskopen.

“Media har behandla han som ein ideolog”, sa Eidsvig til forsamlinga.

“Dei har venta at han skal ta avgjerder som om han var president og kongress på same tid. Dei forstår ikkje at Paven er ein teolog; han må forholde seg til tradisjonen og må operere innafor dei rammene Gud har gitt han.”

Utan å gå inn på detaljer, sa biskopen at den katolske kyrkja no var inne i ei krisetid.

“Vi skal ikkje la oss gripe til fortviling, på grunn av denne diagnosen”, fortsette Eidsvig.

“Teikna på kyrkja sitt liv og hennar sunnheit, dei er mange”.

Kontroversielle kandidatar

Da Benedikt XVI annonserte sin avgang den 11. februar, lét ikkje reaksjonane vente på seg.

Med tanke på at han er den første paven på 598 år som frivillig har abdisert, er dette kanskje ikkje rart. No lurar mange på kven som skal ta over ansvaret med å leie dei 1.1 milliardane som tilhøyrer kyrkja på verdsbasis.

Kunne den neste paven bli ein amerikanar? Konservativ i sine haldningar, men humoristisk og karismatisk som figur, meiner mange at Timothy Dolan, erkebiskop av New York, er ein god kandidat for paveembetet. Andre meiner det ville vere taktisk uklokt å velje ein pave frå ei stormakt som USA.

Slik sett kunne ghanesaren Peter Turkson vere eit meir sannsynleg val. Medan det ville vere ein milestolpe for den katolske kyrkja å gjere ein svart man til pave, kan det verke som om Turkson har øydelagt for seg sjølv ved å vise ein Youtubefilm i Vatikanet sist oktober, der det vart hevda at «Frankrike vil vere ein islamsk republikk innan 39 år», med tanke på fødselsraten til muslimane i landet.

Langt meire diplomatisk er 71 år gamle italienske Angelo Scola, som har tatt til orde for meir dialog mellom kristne og muslimar, og har markert seg som ein klar motstandar av forbod mot det islamske sløret i Europa. Kanskje dette er brubyggjaren kyrkja treng i desse tider?

Medan debatten rasar vidare, er det vanskeleg å vite kva merittar dei 115 kardinalane som sitt med ansvaret, legg mest vekt på når dei gjer sitt val.

Berit Holt

Berit Holt

Vemod og håp

Etter messa nytta Religioner.no sjansen til å slå av ein prat med ein av deltakarane.

– Eg er på ingen måte trist. Vemod, er heller det eg føler, seier Berit Holt. Ho har nettopp kome frå Roma, der ho høyrte Benedikt XVI gi sin siste tale som pave sist søndag.

– Det var ei vakker og nydeleg messe. Eg opplevde at vi var saman med Benedikt.

Har du sett deg inn i dei mulige kandidatane til å ta over embetet?

– Eg har lese litt om noen av dei, men eg ønskjer ikkje å spekulere i dette. Som Biskopen sa er dette opp til den heilage ande, og ikkje oss.

 ,